Mannsdominerte næringar står på staden kvil
Fire av ti føretak har berre mannlege tilsette, syner tal frå SSB.
– Typiske manndominerte næringar er industri, transport, lagring, bygg og anlegg, medan 1/3 av alle kvinner i Noreg er tilsett innan helse og omsorg. Det er desse skilnadane me ser tydlegast, sier Liza Reisel, forskningsleiar for likestilling, integrering og migrasjon ved Institutt for samfunnsforskning.
I 38 prosent av føretaka var det berre menn i arbeidsstokken, medan det arbeidde berre kvinner i 17 prosent av føretaka.
Les også: Topplederbarometeret: Elendig kjønnsbalanse i norsk næringsliv
I 45 prosent av føretaka var det både mannlege og kvinnelege tilsette per 1 januar 2015.
Kvinner inn i mannsdominerte yrker
Forskaren forklarar at det har skjedd ei utvikling over tid der kvinner i større grad har bevega seg innover i mannsdominerte yrker som krev høgare utdanning som lege, psykolog og jussyrker.
Det er også eit inntog av kvinner på ingeniørstudiane.
– Kvinner tek i større grad høgare utdanning enn menn. Det er svært få kvinner som tek fagbrev og går den såkalla Y-vegen innanfor dei mannsdominerte faga, seier Reisel.
Det som gjer at endringane går veldig sakte, ifølgje forskaren, er at barn som veks opp ser kva folka rundt seg arbeidar med og får tidleg førestillingar om kva slags yrke som vil passe dei.
– Jenter generelt får betre karakterar enn gutar og desse tek gjerne studiespesialeriserande til fordel for yrkesfag. Dersom jenter går Y-vegen tek dei gjerne design og handterverk eller helse og oppvekst, seier ho.
Det er fleire faktorar som spelar inn når jenter og gutar vel karriereveg.
Flest menn innan transport
Kjønnssamansetjinga varierer frå næring til næring, ifølgje SSB. I 63 prosent av føretaka innanfor transport og lagring, i tillegg til i bygg og anlegg, var alle tilsette menn.
– Det har vore minst flyt av kvinner til typiske maskuline- eller mannsdominerte næringar som ikkje krev høgare utdanning. Desse næringane står på staden kvil og kan bli sett på som ein mannsbastion, seier forskaren.
Les også: Monica Mæland: Manglende kjønnsbalanse kan gå ut over verdiskapningen
Derimot hadde 44 prosent av føretaka innanfor helse- og sosialtenester berre kvinnelege tilsette. I 60 prosent av føretaka innanfor anna tenesteyting var 60 prosent av dei tilsette også berre kvinner.
– Oppgåvene som er kvinnedominerte er omsorg av eldre og barn som i mykje større grad var ulønna arbeid før. Jentene som vel utradisjonelt vel lengre opp i utdanningssystemet og ikkje yrkesfag, seier ho.
Les også: Hvordan oppnå kjønnsbalanse i ledelse
Dei fleste føretaka hadde få tilsette, og 79 prosent hadde færre enn ti tilsette.
Kjønnsfordeling i norske føretak. Statistikk: SSB.
Låg utdanning
Nesten halvparten av føretaka hadde berre tilsette som hadde si høgaste utdanning frå grunn- eller vidaregåande skule.
Les også: Lederverktøy: Hvordan få flere kvinner til å bli ledere?
– Kjønn er ein ganske sterk kjelde for identitet og har mykje å sei for korleis ein vel, det er også ønskje om sosial mobilitet, det å bevega seg oppover i det sosiale hierarkiet. Ein ønskjer gjerne ikkje ha å eit yrke som har lågare status enn foreldre og dei rundt deg, seier Reisel.
Tre næringar skilde seg ut gjennom at rundt 70 prosent av føretaka berre hadde tilsette med utdanning på dette nivået:
- Anna tenesteyting
- Transport og lagring
- Bygg og anlegg
I berre 14 prosent av føretaka hadde alle tilsette tatt utdanninga si på høgskule eller universitet.
– Det fins fleire kjelder til motivasjon. Om ein har ein moglegheit til å bevega seg oppover i utdanningssystemet så gjer dei det eller så vel dei kjønnstradisjonelt, seier forskaren.
Les også: NHOs tips for en høyere kvinneandel i ledergruppa
Dette galdt særleg føretak innanfor fagleg, vitskapelig og teknisk tenestyting, i tillegg til informasjon og kommunikasjon, der høvesvis 39 og 33 prosent av føretaka berre hadde tilsette med høgare utdanning.