Foto

Neils Poulsen

Fire generasjonar

Publisert: 3. august 2015 kl 13.22
Oppdatert: 29. desember 2017 kl 12.00

Ung i dag

  • Vil ha alle mulegheiter opne. Stadig fleire tar eit påbyggingsår ved vidaregåande skule, og sidan vel ein trygge studium som ikkje lukkar nokon dører. Ventar kontinuerleg utvikling og opplæring i arbeidslivet. 
  • Ønskjer ærlegdom og transparens frå verksemder, sjefar og politikarar. Verdset at menneske er ekte og innrømmer feil. 
  • Å realisere seg sjølv er det aller viktigaste, men forstår at dette best gjerast gjennom samarbeid med andre. 
  • Gjer ikkje opprør mot foreldre og autoritetar. Røyker og drikk mindre, rusar seg mindre, bruker meir tid heime. Stemmer på dei same partia som foreldregenerasjonen. 
  • Stor fridom gjev stort press. Fleire enn før er bekymra og opplever psykisk stress. Forskarar har òg lurt på om dei som er mindre skuleflinke får større problem enn tidlegare.

Generasjon X

  • Fødde rundt 1965-80, og vaks opp med ustabil økonomi og oppløyste familierelasjonar. Denne generasjonen såg at mykje av det foreldra hadde kjempa for, ikkje førte fram. Berlin-murens fall, sosialismen kollapsa.
  • Ironi og sarkasme vart meir vanleg, tv-program som «Lille Lørdag» oppstod. Enkelte forskarar meiner at ironien var denne generasjonen sitt politiske våpen.
  • Låg valdeltaking blant unge, og dei stemte på fløypartia heller enn på dei store.
  • Forskarar er usamde om at denne generasjonen hadde eit felles politisk prosjekt. Gunnar Aakvaag ved Universitetet i Oslo meiner ja, ved at dei var med å bryte ned skillet mellom høgkultur og lågkultur samt å skape aksept for å vere annleis.  

Sekstiåttarane

  • Vart fødde i etterkrigstida, og blei den første generasjonen i velferdsstaten.
  • Oppfatta samfunnet som autoritært, og mange engasjerte seg politisk. Vest-Europa og USA opplevde store studentopprør. Noreg fekk ikkje eit student-opprør, men studentane vart meir radikale. 
  • Protesterte mot autoritær styring av skular og universitet, kvinnediskriminering, rasering av jordbruk og distrikta, forureining og krig. Tradisjonelle kjønnsrollemønster, familiestrukturar, politiske og kulturelle sanningar vart sett på prøve. 
  • P-pillen vart selt frå 1966 og opna opp for meir seksuell fridom.
  • Skapte ein baby-boom, noko som gjorde at den neste generasjonen, Generasjon X, vart svært talrik. 

Gerhardsen-generasjonen

Saken fortsetter under annonsen
  • Vart fødde mellom 1910 og 1940, og opplevde at samfunnet kollapsa med krig og fattigdom. Dette vart generasjonen som skulle byggje landet. 
  • Pliktoppfyllande og hardtarbeidande ungdomar som innordna seg og jobba mot eit felles mål.
  • Klassestrukturane var tunge. Skomakaren sin son vart ved sin lest.

Kjelder: Ole Petter Nyhaug/Opinion, Guro Ødegård/Institutt for samfunnsforskning, Gunnar Aakvaag/Universitetet i Oslo, Store norske leksikon, Aftenposten.no