Granskningsrapporten Blindsonen - om Nav-skandalen

Granskingsrapporten Blindsonen om Nav-skandalen skildrar mellom anna korleis nokre få dokument kunne sette rettstryggleiken på hovudet. Slurvete arbeid med til dømes eit rundskriv sikra ikkje rett bruk av lova, men bidrog tvert om, til at mange kjende seg trygg på at den galne praksisen var heilt rett, skriver Helle Beer Urheim. Foto: Lise Åserud | NTB

Synspunkt | Helle Beer Urheim: Pass deg for blindsona!

Publisert: 5. april 2023 kl 08.58
Oppdatert: 5. april 2023 kl 08.58

­Helle Beer Urheim er er klarspråksrådgjevar i Språkrådet, Seksjonen for språk i skole og offentlig forvaltning. 

Lyst til å sende oss et innlegg? E-post-adressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

 

SYNSPUNKT: Å syte for klart fagspråk i tenesta er ein del av sjølve jobben. Likevel tek vi til takke med mykje udugeleg jobbspråk, og slik tankeløyse kan koste oss dyrt. Trur vi verkeleg at lekfolk treng klarspråk, men at fagfolk og leiarar kan greie seg utan?

Udugeleg jobbspråk set samfunnsoppdraga i fare

For eit par år sidan vart trygdeskandalen rulla opp. Uskuldige folk hadde vorte straffa for å opphalde seg i utlandet medan dei var sjukmelde. Dei som etterpå har snudd steinane og nøsta opp i hendingane, har funne ei røre på vegen. Ho er ei sørgjeleg blanding av risikable vegval, vanleg feiltolking, ihuga vrangvilje, slurvete utgreiing og uklart språk.

Sjølv om språket ikkje skal ta heile skulda for elendet, har trygdeskandalen gjeve eit utriveleg høve til å verte klokare på språkarbeidet i forvaltinga generelt.  

Saken fortsetter under annonsen

Granskingsrapporten Blindsonen skildrar mellom anna korleis nokre få dokument kunne sette rettstryggleiken på hovudet. Slurvete arbeid med til dømes eit rundskriv sikra ikkje rett bruk av lova, men bidrog tvert om, til at mange kjende seg trygg på at den galne praksisen var heilt rett.

 

«Sjølv om språket ikkje skal ta heile skulda for elendet, har trygdeskandalen gjeve eit utriveleg høve til å verte klokare på språkarbeidet i forvaltinga generelt.»

 

I Arbeids- og sosialdepartementet hadde nokon tilfeldigvis slutta å skrive gode samandrag på norsk frå lange møte om EU-lovgivinga. Då vart det vanskeleg å oppdage at norsk praksis var i strid med lova. Å lite på engelsk fagspråk åleine er risikabelt, men truleg lyste ikkje varsellampane.

Politikk og forvalting er tufta på mektige omgrep

Byråkratisk tekst er som reisverk i samfunnet. Skal ein få auge på blindsonene i forvaltinga, er det klokt å gå mektige omgrep nærare i saumane. Desse omgrepa utøver makt.

Saken fortsetter under annonsen

Nokre omgrep vert mektige fordi dei er sterkt ladd. Det som vart kalla trygdeeksport, hadde fått stor merksemd i utgreiing og politisk debatt. Leiinga i departement og direktorat forventa at ein skulle strekkje seg for å hindre slik eksport. Blikket vart styrt mot trygdeeksporten, medan rettstryggleiken umerkeleg hamna i skuggen, bak i blindsona.

Andre omgrep har makt fordi dei heng i hop med juridiske dokument. Feil tolking av innhaldet i ordet opphald i ei EU-forordning leidde til at folk vart fengsla for noko som eigentleg ikkje kunne straffast. Når byråkratiet kjem i skade for å tenkje at viktige ord har sjølvsagt innhald, då går vi i baret.

Språkarbeid trengst på bakrommet

Leiarar har vorte medvitne om verdien av klarspråk i kontakt mellom vanlege folk og det offentlege. Det ser vi spor av i jobbannonsar som gjeld kommunikasjon og nettsider. Ein vil sjølvsagt ønske publikum og brukarar velkomen med klart språk, men kva med informasjonen internt i byråkratiet?

Jurist Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Universitetet i Oslo har jobba med klarspråk i fleire år, men er ikkje begeistra for einsidig skriving for ålmenta. Han meiner at forvaltinga ofte har problem med å handtere informasjon som er både ekstern og intern. For eksempel ser vi at Navs regelverksinformasjon er ulik for innbyggjarane og blant sakshandsamarane, seier han og held fram:

«Ein lyt ikkje ha eigne sett med reglar og omgrep internt, men ha same informasjon til borgarar og sakshandsamarar samtidig. Då vert det mindre uklart kva som gjeld.

Men i dei tilfella kor reglane ikkje er klare, er det sjølvsagt inga hjelp i å skrive så klart som mogleg. Om vi framstiller noko som klart, som ikkje er klart, då leier vi folk på ville vegar. Ei skikkeleg avklaring om kva som faktisk gjeld, er føresetnaden for klart språk.»

Saken fortsetter under annonsen

Blindsona har plass til fleire skandalar

Ein språklærdom kan vi ta av trygdeskandalen: Djevelen sit i detaljane, og dei detaljane finst i hovudet på fagfolk som ikkje skriv same språk som leiarar og politikarar.

Difor må vi syte for at arbeidet med klarspråk og fagspråk ikkje vert isolert i kvart sitt miljø. Det må skje mange stader, hjå folk med ulike fag. Det er når vi skriv for andre som ikkje liknar oss sjølve, at vi skjøner kor blindsonene finst og kva som fortener ei klarare framstilling. Språkarbeid på bakrommet handlar om å sikre kvaliteten, handtere risikoen og dele kunnskapen.

 

«Ein språklærdom kan vi ta av trygdeskandalen: Djevelen sit i detaljane, og dei detaljane finst i hovudet på fagfolk som ikkje skriv same språk som leiarar og politikarar.»

 

Klart fagspråk gjer det lettare å få auge på korleis mektige omgrep verkar og heng i hop i forvaltinga. Jobben må gjerast på alle samfunnsområde. Å halde seg med klart språk på jobben har meir til felles med skikkeleg vedlikehald enn med kreativ omdømmebygging.

Saken fortsetter under annonsen

Truleg gjev innsatsen korkje delingar på på TikTok, likes på Instagram eller applaus frå befolkninga veka etter. Men tek vi sjansen på å sluntre unna?