Pride-angrepet i Oslo i 2022

Terroren i Oslo under Pride i fjor, som kosta to menneske livet og var ein hårsbredd frå å bli ei av dei mest dødelege terror-hendingane i Europa på mange år, kunne ha vore avverga. Med 22. juli som bakteppe, er det ein skandale at vi ikkje er komne lenger i terror-bekjempinga, skriv Alfred Bjørlo. Foto: Terje Pedersen, NTB

Synspunkt | Alfred Bjørlo: Lerø, Pride og Ukraina

Publisert: 19. juni 2023 kl 08.10
Oppdatert: 19. juni 2023 kl 09.19

Alfred Bjørlo er stortingsrepresentant for Venstre og sitter i Næringskomiteen.

Lyst til å sende oss et innlegg? Mailadressen er synspunkt@dagensperspektiv.no

 

SYNSPUNKT: «Offentligheten er rigget for raske, lite gjennomtenkte utspill i saker som er emosjonelt ladet. Det er alt som har med Pride og Ukraina å gjøre.»

Det skriv Magne Lerø i leiarartikkelen 16. juni, i eit ramsalt angrep på Venstres engasjement for støtte til Ukraina og støtte til det skeive miljøet etter skandalen som no blir rulla opp om handteringa av Pride-terroren i Oslo i fjor.

Lerø har rett i at dei to sakene er emosjonelt lada. Men det er av ein grunn. Det er fordi dei er alvorlege – og krev politisk handlekraft.

 

Saken fortsetter under annonsen

«Med 22. juli som bakteppe, er det ein skandale at vi ikkje er komne lenger i terror-bekjempinga. Det er heldigvis ikkje mange andre enn Magne Lerø som her tar Justisministeren og politiet sin passivitet i forsvar.»

 

Terroren i Oslo under Pride i fjor, som kosta to menneske livet og var ein hårsbredd frå å bli ei av dei mest dødelege terror-hendingane i Europa på mange år, kunne ha vore avverga. Med 22. juli som bakteppe, er det ein skandale at vi ikkje er komne lenger i terror-bekjempinga. Det er heldigvis ikkje mange andre enn Magne Lerø som her tar Justisministeren og politiet sin passivitet i forsvar.

Den verste krigen siden 1945

Krigen i Ukraina er den verste på vårt kontinent sidan 1945. Det ukrainske folket er utsett for eit brutalt overfall av Putins Russland – og kampen dei no kjemper, er ikkje berre deira kamp. Den er også vår kamp.

Det er nesten komisk å sjå korleis Magne Lerø nyttar eit kvart høve til å hakke på Venstre, anten temaet er Ukraina, Pride, daglegvaremarknaden eller andre ting. Den Venstre-fetisjen må han gjerne få ha.

Men det som er direkte provoserande, er at Magne Lerø i sin leiar om Mondelez-boikotten bruker så mykje tid på å snakke om taktikkeri og politisk spel i ei sak som til sjuande og sist handlar om krigen i Ukraina.

Saken fortsetter under annonsen

For meg er det så enkelt som dette: Fleire norske bedrifter har bestemt seg for at dei ikkje vil kjøpe produkt av eit gigantisk amerikansk konsern som aktivt vel å betale skatterublar inn i den russiske krigsøkonomien – i motsetnad til tusenvis av andre vestlege selskap som har trekt seg ut av Russland.

 

«Den Venstre-fetisjen må han gjerne få ha. Men det som er direkte provoserande, er at Magne Lerø i sin leiar om Mondelez-boikotten bruker så mykje tid på å snakke om taktikkeri og politisk spel i ei sak som til sjuande og sist handlar om krigen i Ukraina.»

 

Det meiner eg er bra. Desse selskapa, som SAS og Strawberry, fortener honnør. Kall meg gjerne treig, som Lerø, men eg kjem faktisk òg til å meine at det er ein god ting, uavhengig om det er to eller 200 bedrifter som gjer det.

Problemet i Noreg er ikkje at sivilsamfunnet, forbrukarar og grasrota brukar makta si for ofte. Tvert imot.

Torsdag 15. juni sa Mondelez at dei, på bakgrunn av boikottaksjonane som no pågår i Noreg og Sverige, vil skilje ut sin aktivitet i Russland i eit eige selskap. Det viser at sjølv ein kampanje i utkanten av verda kan bevege eit stort selskap – sjølv om vi enno ikkje er i mål. Men det syner kor feil Lerø tar når han latterliggjer sivilsamfunnet sitt engasjement.

Saken fortsetter under annonsen

For det er kanskje store ord å bruke, men vi lever akkurat no i ei skjebnetid for Europa.

 

«Det syner kor feil Lerø tar når han latterliggjer sivilsamfunnet sitt engasjement.»

 

Ukraina kjempar krigen for kontroll over eige land, men også for at alle Russland sine naboland (inkludert Noreg) skal kunne vere trygge frå russisk aggresjon. Ukraina treng at vi held fram og aukar støtta vår. Den norske staten bidreg med våpen, ammunisjon og humanitær bistand – og sanksjonar.

Det er bra, og Venstre har, som Lerø korrekt seier, heile tida pressa på for at vi skal bidra raskare og meir. Lerø meiner det som kritikk mot Venstre – eg er oppriktig stolt av det.

Og no seier norske forbrukarar, organisasjonar og bedrifter – uavhengig av dei offisielle sanksjonane – at dei òg vil bidra meir. Dei vil ikkje berre gjere alt vi MÅ. Dei vil gjere meir. Dei vil gjere alt vi KAN.

Saken fortsetter under annonsen

Då skal dei ikkje få refs frå makteliten, verken i politikk eller media, for å ville meir enn offisiell norsk politikk for å hjelpe Ukraina og strupe russisk krigsøkonomi.

Vi treng alt det folkeleg engasjement vi kan få. Både for Ukraina, for klima, for fred og ei verd der multinasjonale gigantkonsern ikkje får halde på som dei vil i verdas verste diktatur.