Fleire årsverk i omsorgstenesta
Talet på årsverk i omsorgstenesta som blir ytt i kommunane aukar, og i 2017 var det om lag 270 årsverk per 10.000 innbyggjarar i landet.
Frå 2016 til 2017 steig det samla talet på årsverk i omsorgstenesta for heile landet med 3,6 prosent, til 143.000, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
I den same perioden har talet på brukarar av omsorgstenester auka med 1,6 prosent, til i overkant av 282 000, viser førebelse tal frå IPLOS-registeret.
SSB understrekar at det er årsverk i verksemder som er registrert i Enhetsregisteret med ein næringskode knytt til omsorg som er inkludert.
Det inneber blant anna at årsverk i privat verksemd som yter omsorgstenester for kommunen, men der verksemda ikkje er registrert i Enhetsregisteret med ein slik næringskode, ikkje blir inkludert.
Desse yrkesgruppene vert tilsett
Talet på årsverk i omsorgstenesta i kommunane er stigande. Ved hjelp av opplysningar frå register kan årsverka bli knytt til personar med ulike utdanningsbakgrunnar.
Personar med utdanning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar stod for i overkant av 75 000 årsverk, eller 52,5 prosent av årsverka i omsorgstenesta i 2017. Til samanlikning utgjorde dei litt meir enn 72 000 årsverk, eller 52,2 prosent, i 2016.
- LES OGSÅ: Flere bruker offentlige omsorgstjenester
Ein del av årsverka som går med i omsorgstenesta er knytt til personar som er registrert med anna utdanning enn helsefagleg utdanning, men som har oppgåver som pleiemedhjelparar eller assisterande heimehjelp, og kan utføre praktisk bistand eller anna brukarretta teneste.
Desse utgjorde over 32.000 årsverk, eller 22,5 prosent av årsverka i tenesta i 2017. Til samanlikning utgjorde dei over 31 000 årsverk, eller 22,7 prosent, i 2016.
Færre hjelpearbeidarar
I denne perioden har det vore ein nedgang i talet på årsverk blant til dømes hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar, medan det har vore ein relativt kraftig auke i talet på årsverk utført av helsefagarbeidarar.
Ei viktig årsak til denne utviklinga er at personar som tidlegare har vore registrert med utdanninga hjelpepleiar, har kunna søkje om å få bruke tittelen helsefagarbeidar.
Når det gjeld lege- og fysioterapeutårsverk i omsorgstenesta, inngår ikkje dei i tala som er henta frå register.
Dei fleste legeårsverka i kommunane er knytt til det som tradisjonelt blir omtala som kommunehelsetenester, som til dømes fastlegetenesta.
Brukartalet aukar
Publisering av førebelse tal frå IPLOS-registeret for 2017 i samband med KOSTRA-publiseringa i mars viser blant anna at det blir fleire brukarar i omsorgstenesta.
Sjølv om 2017-tala er førebelse og kan bli justert fram til KOSTRA-publiseringa i juni, er det som regel tale om små justeringar og difor meiningsfullt å sjå tala i samband med tal på årsverk.
SSB meiner det likevel er grunn til å understreke at brukarar av omsorgstenester er ei heterogen gruppe. Brukarane inkluderer personar i ulike aldrar med forskjellige bistandsbehov og ulike behov for tenester.
Nokre brukarar er meir ressurskrevjande enn andre, og nokre tenester er meir kostbare å produsere for kommunane. Ei samanstilling av årsverk og brukarar uttrykker likevel noko om tilbod og etterspurnad i omsorgstenesta i kommunane.