Borgund stavkirke ligger i Lærdal.

Foto

NTB-scanpix.

Fleire midlar til kultur

100 kroner meir til kvar innbyggjar

Publisert: 28. juni 2017 kl 09.02
Oppdatert: 28. juni 2017 kl 09.03

Dette er ei auke på over 100 kroner per innbyggjar frå 2015, skriv SSB.

Etter fleire år med mellom 3,7 og 3,8 prosent av totale netto driftsutgifter til kulturføremål i kommunane, syner tala for 2016 ein auke i kulturprioriteringa.

Totalt gjekk 11,3 milliardar kroner i netto driftsutgifter til kulturføremål. For første gang på fleire år viser dermed KOSTRA-tala til kulturføremål auke, óg i kronebeløp per innbyggjar.

Kommunane brukte 2 148 kroner per innbyggjar til kultur i 2016 mot 2 036 kroner i 2015. Sjølv om det er auke i delen til kulturføremål siste året, ser ein at før 2011 var delen godt over 4 prosent.

Mindre i fylkeskommunane

I fylkeskommunane er det derimot ein svak nedgang i pengebruken til kultur.

1,5 prosent av netto driftsutgifter i fylkeskommunane gjekk til kulturføremål i 2016, mot 1,6 prosent året før.

Saken fortsetter under annonsen

Dette utgjer 282 kroner per innbyggjar, ein nedgang på 6 kroner siste året. Totalt gjekk i underkant av 1,5 milliardar kroner i netto driftsutgifter til kultur i fylkeskommunane.