– Eg vil visa dei mange måtane ein kan enda opp som fattig i Noreg. Eg vil visa konsekvensane av fattigdom, så at lesaren skal bry seg og ønska endring, seier forfattar Maria Lavik på spørsmål om kva ho vil oppnå med boka.
Foto
Tove K. Breistein

– Dei fattige familiane sine historier blir ofte gløymt i den offentlege debatten

Publisert: 4. november 2021 kl 08.00
Oppdatert: 4. november 2021 kl 10.10

Kvifor har du skreve denne boka?

– Fordi det i dag lever rundt 115.000 barn i fattigdom i Noreg. Desse familiane sine historier blir ofte gløymt i den offentlege debatten. Derfor har eg skrive denne boka, som baserer seg på intervju med åtte barnefamiliar.

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Fattigdom rammar folk ulikt, etter kva type nettverk og motstandskraft dei har. Det er mykje håp og kreativitet i historiene eg fortel. Men fattigdom er også ein type eksistensielt stress som kan gjera stor skade. Folk som lever med økonomisk knappheit, kan mista kontroll over framtida, og tilliten til systema blir tynnslitt.

– Skal ei mor prioritera god niste til barna, eller musikkundervisning til eine dottera? Har dei råd til neste husleige? Må dei flytta? Det er problemstillingar som kjeldene mine står midt oppe i.

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

Saken fortsetter under annonsen

– Boka er tett på og skildrar levde liv. Det er ikkje så mykje akademisk språk og teoriar her, men eg tek ein svipptur innom forskinga som viser kor skadeleg fattigdom kan vera for barn.

– Ein modell eg lener meg på, heiter familiestress-modellen. Den viser korleis fattigdom kan skapa emosjonelt stress som påverkar foreldra sin oppdragarstil. Det igjen kan skapa meir utrygge barn.

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– På ein måte: Overraskande få. Det var lett å koma i kontakt med folk som ville prata med meg. Eg fekk bli med ei driftig åleinemor i matkassekø, ein god hjelpar på gåveutdeling, eg møtte folk som slapp meg inn i sitt inste.

– Samtidig har det sjølvsagt vore tøft å vera tett på menneske som har det vanskeleg. Eg har kjend på håpløyse, og lurt mykje på korleis eg skal fortelja historiene deira på både ein ærleg og verdig måte.

Kva vil du oppnå med boka?

– Eg vil visa dei mange måtane ein kan enda opp som fattig i Noreg. Eg vil visa konsekvensane av fattigdom, så at lesaren skal bry seg og ønska endring.

Saken fortsetter under annonsen

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

– Eg ser for meg to typar lesarar: Ho som veit korleis det er å leva med knapp økonomi, og ho som ikkje gjer det.

– For førstnevnte håpar eg boka kan vera ei anerkjenning, og eit teikn på at ho ikkje er åleine. For henne håpar eg at boka er med å normalisera fattigdom.

– Om lesaren ikkje har kjend fattigdom på kroppen, håpar eg boka kan vera med å skapa kunnskap og empati. Kva ville lesaren gjort i same situasjon som kjeldene? Slike tankar håpar eg boka sporer til.

Kva gjorde at du fekk lyst til å setje i gang med eit så stort prosjekt som å skrive ei bok?

– Eg har lenge jobba som journalist - eit fantastisk yrke. Det å skriva ei bok er ei forlenging av dette. I sakprosa får eg meir plass, og slepp å skriva like effektivt og forenkla som eg pleier som nyheitsjournalist.

– I nyheitsjournalistikken blir fattigdom ofte omtala med enkla sjablongar og klisjear. Sakprosaen gjev meir rom. I møte med komplekse skjebnar, kan eg vise ein større del av historiene til folk. Det synes eg har vore godt

Saken fortsetter under annonsen

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Eg håpar Jonas Gahr Støre les boka, sidan han er statsminister og kanskje har ein sjans til å endra ting.

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– «Nei og atter nei» av Nina Lykke. Den er utruleg morosam, og den kan du lesa etter å ha lese mi bok, som litt avveksling.

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Som så mange andre, var eg veldig oppslukt av Jens Bjørneboe som ung. Eg har ikkje tora å lesa han igjen, for kva om eg no gjennomskodar han? Men likevel, den kjensla av å bli dregen inn i dei mørke sidene ved det å vera menneske, vondskapen vår og hykleriet. Det gjorde stort inntrykk på meg.

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

Saken fortsetter under annonsen

– At Noreg er eit delt land. Det er ei løgn at heile Noreg kan jobba på heimekontor eller at alle familiar har ein hage barna kan leika i.

Om du måtte velge?

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

 

Maria Lavik (37)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Journalist i Vårt Land
  • Utdannelse: Journalistikk, økonomi og historie
  • Bosted: Oslo
  • Aktuell med: «Vi, dei fattige: åtte forteljingar om barnefattigdom»
  • Forlag: Samlaget
  • Antall sider: 153