Meir med mindre

Publisert: 19. mars 2018 kl 14.22
Oppdatert: 11. november 2021 kl 11.23

1. Kva var motivasjonen og ideen for konseptet?

– Hausten 2016 fekk vi nok av alt kaoset rundt oss. Vi kjende oss overvelda og motlause over alt som skjedde i verda, med presidentvalet i USA, klimaendringar, terrorfaren, flyktningskrisa og alt det andre som er til å miste nattesøvnen av. Samtidig hadde vi vårt eige, vesle kaos. Vi drøymde om å bruke mindre tid på alt det uvesentlege til fordel for det som faktisk betyr noko. Vi bestemte oss for å starte eit «meir med mindre-prosjekt» for å sjå kva det å leve med færre ting ville føre med seg. Etter kort tid begynte vi å merke store forskjellar i kvardagen: mindre husarbeid og leiting etter ting, meir tid til alt det fine i kvardagen, meir pengar, mindre stress og meir meining.

2. Kor mykje av kvardagen gjekk tidlegare med til rydding, ommøblering og sortering for å få orden på rotet?

– Altfor mykje. Vi har brukt pinleg mange timar på å rydde, leite, tenke ut nye oppbevaringsløysningar, lage smarte system, ommøblere for å få betre plass til tinga og å prøve å leve etter andre sine oppskrifter på korleis ein held orden. Det var ein lettelse då vi oppdaga at det faktisk finnast ei løysing som fungerer i lengda: Å ha så få ting at vi ikkje treng mange system.

3. Kva slags gjenstandar var det mest vanskeleg å gje slepp på?

– Å selge den gamle barnevogna, som alle tre ungane hadde brukt, sat langt inne. Spesielt for Liv, som alltid har hatt eit emosjonelt forhold til tinga sine. For henne var det iblant vanskeleg å gi slepp på ting ho ikkje hadde brukt eller tenkt på dei siste 20 åra. Det kunne vere alt frå gamle notatbøker til julepynt som aldri hadde fått plass på treet, til klede som eg aldri har sett henne i, til tross for at vi møtte kvarandre i 1996. For meg var det nesten omvendt. Utan Liv sine vurderingar ville eg ha gått for tøft til verks, og vi hadde enda opp med det vi heller ikkje vil – å gi bort eller selge ting for så å kjøpe inn det same, berre nytt.

4. Kva var de mest overraska over å finne i alt «rotet»?

Saken fortsetter under annonsen

– Det som overraska oss mest var rett og slett mengdene med ting. Til tross for at vi opp gjennom åra har gitt bort mykje, vart vi nesten rysta over alt vi hadde som vi ikkje brukte eller hadde bruk for.

5. Kva slags ting kunne dykk aldri ha kasta?

– Terskelen vår for å kaste er ekstremt høg. Vi har derfor gitt bort og donert, selt og resirkulert så å seie alle tinga vi har kvitta oss med. Men av ting vi ikkje vil gi slepp på, er det alle tinga vi er glade i eller treng til kvardagen og livsstilen vår. Eigentleg er det dette prosjektet vårt handlar om. Det avgjerande er nemleg ikkje kva du kvittar deg med. Det er kva du beheld som er viktig.

6. Var det noko de fekk dårleg samvit for å kvitte dykk med?

– Ting vi eigentleg ikkje var så begeistra for, men hadde fått i gåve eller arva. Men så lærte vi oss trikset med å snu på det og spørje oss sjølve: Vil eg at nokon skal føle seg forplikta til å behalde ei gåve frå meg – berre fordi det er eg som har gitt den til dei? Så klart ikkje!

7. De gav vekk ting til veldedige formål og selde mange av tinga på nett. Pengane vart brukt på ferie. Kvar gjekk reisa til slutt?

– Vi reiste utanfor sesong på to vekers ferie til Mallorca. Døtrene våre fekk bestemme destinasjonen. Salet av ting vart veksla inn i lange gåturar i fjella, padling, stand-up, bading og god mat. Vi brukte på langt nær opp alle pengane vi har tent på alt vi har selt det siste året. Det blir fleire premiar i år.

Saken fortsetter under annonsen

8. Korleis har mangelen på rot endra stemninga i huset?

– Det var ikkje alltid mykje synleg rot hjå oss – vi brukte berre uendeleg mykje tid på å halde det nokolunde. Alle skuffer, skap og kommodar var så stappfulle at vi følte oss overvelda av alle tinga som berre såg ut til å formeire seg. Stemninga og humøret må seiast å ha gått frå «good to great» med «meir med mindre-prosjektet». Vi har mykje meir tid til det vi likar å gjere, og alle praktiske gjeremål går mykje fortare.

9. Korleis går ein fram når ein skal starte på eit «meir med mindre»-prosjekt?

– Det å begynne kan vere det vanskelegaste. Vårt beste råd er å lage ein «utboks». Det er både enkelt og effektivt. Finn ei eske eller ei kasse som du set på ein plass i huset som du ofte går forbi. Kvar gong du ser noko i heimen som du ikkje treng, bryr deg om lenger, er lei av, som er øydelagt eller som du har vakse ifrå – legg det i utboksen. Sett deg ein tidsfrist for når du skal ta innhaldet til resirkulering, donering eller sal.

10. Kva spørsmål burde ein stille seg sjølv når ein vurderer om ein har behov for ein gjenstand eller ikkje?

– Er eg glad i denne tingen? Treng eg den? Ville eg kjøpt den igjen dersom eg såg den i butikken? Kva hadde eg vore villig til å betale for den? Ofte kan slike enkle spørsmål vere ganske avslørande.