I siste kvartal av 2022 går resultatindeksen ned 4,7 prosentpoeng til 54,4, og han er med det godt under der den brukar å ligge, på 59,8.

Foto

Scanpix.

Indeks: Vestlandske ledere ser mørkt på framtida

Publisert: 16. februar 2023 kl 08.53
Oppdatert: 16. februar 2023 kl 08.53

– Nedgangen treff hardt på heile Vestlandet. Nedgangen treff store bedrifter og små, dei som eksporterer og dei som ikkje gjer det. Det er eit betydeleg fall for alle parametrar – etterspurnaden, investeringar, sysselsetting og lønsemd, seier Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest i ei pressemelding.

Ho opplever at bedriftene no brettar opp ermane og jobbar for å skaffe seg oversikt.

– Det viktigaste vestlandsbedriftene kan gjere i krisetid, er å skaffe seg handlingsrom ved å sørge for å ha likviditet. Mitt råd er å ha god dialog med leverandørar og kundar, fakturer så snart du kan, og be om lengre betalingsfristar. Vi i banken kan gi gode råd for korleis bedrifta kan betre likviditeten og hjelpe med å få oversikt, seier Minne.

På nivå med koronaåret

Resultatindeksen, som viser den økonomiske utviklinga for bedriftene dei siste tre månadene, held fram med å falle.

I siste kvartal av 2022 går resultatindeksen ned 4,7 prosentpoeng til 54,4, og han er med det godt under der den brukar å ligge, på 59,8.

Dette, i tillegg til ein historisk låg forventningsindeks på 51,6 poeng, gjer det tydeleg at næringslivet på Vestlandet har ein utfordrande periode framfor seg.

Saken fortsetter under annonsen

– Det er forventningane til etterspurnaden og lønsemda som fell aller mest. Dette tyder på at tiltaka som Norges Bank gjer for å motverke inflasjon har effekt, for det er meininga at etterspurnaden skal ned frå det høge nivået vi såg før rentehevingane. Spørsmålet er om etterspurnaden fell for mykje, det veit vi ikkje enda, seier Kjetil Benson, leiar for Markets i Sparebanken Vest.

Desse er mest pessimistiske

Bedriftene er meir samde om korleis dei ser på dei neste seks månadene i dette kvartalet enn i førre. Til dømes så viser forventningsindeksen for bedrifter i Møre og Romsdal, som var meir positive i førre kvartal enn resten, eit fall på 12,2 poeng.

– Ei av årsakene kan vere at bedriftene i Møre og Romsdal tidlegare hadde ein fordel av lågare kostnader med straum enn bedrifter i dei andre regionane. Denne forskjellen ser ut til å ha blitt jamna ut i fjerde kvartal, seier Benson.

Rogaland har høgast forventningar til første halvdel av 2023 – her er det olje- og gassnæringa som trekker opp.

Lystpunkt i olje- og gass

For bedrifter med meir enn halve omsetninga knytt til olje og gass, ligg forventningsindeksen over 60 poeng, noko som er godt over historisk snitt for næringa. Desse bedriftene ventar at aktiviteten vil auke framover.

Saken fortsetter under annonsen

– Dette er heilt motsett av dei andre næringane, og er sterkt drive av dei høge energiprisane og rekordmange nye utbyggingar som følgje av oljeskattepakka frå 2020. Olje og gass trer fram som den berande bjelken i ein elles nedkjølt økonomi og trekker med seg heile verdikjeda rundt seg, seier Minne.

Ei anna næring som skil seg positivt ut, er havvind og straumproduksjon offshore. Bedrifter med omsetning retta mot denne næringa har rapportert godt over snittet i heile 2022, både for resultat- og forventningsindeksen.

Dette gjeld også for fjerde kvartal – bedriftene i denne næringa ventar vekst i aktiviteten med ein forventningsindeks på over 60 poeng.

Auka straumkostnadar får bedriftene til å ta grep

Ein av drivarane bak den reduserte lønsemda til vestlandsbedriftene er dei høge straumprisane. Sju av ti bedriftsleiarar melder at bedrifta er negativt påverka av straumprisar. Dette får bedriftene til å ta grep.

– Ein av fem bedriftsleiarar seier at dei samarbeider med kundar og leverandørar for å betre situasjonen. Like mange seier at straumprisane har ført til at dei utvidar til nye marknadar og rettar seg mot nye kundegrupper. Dette er positivt, seier Minne.