Espen Remme må gå av som administrerende direktør i Helse Møre og Romsdal HF.

Foto

Helse Midt-Norge.

Styret i Helse Møre og Romsdal ber direktøren fråtre

Publisert: 29. april 2019 kl 14.06
Oppdatert: 29. april 2019 kl 14.08

Styreleiar Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal trekk fram at det dei siste åra har vore eit aukande underskot i helseføretaket, og at definerte effektiviseringstiltak ikkje har gitt nødvendig økonomisk effekt.

Styret skriv i ei pressemelding at dei vil takke Espen Remme for innsatsen og arbeidet han har lagt ned dei siste åra.

Remme har vore ein pådrivar for at sjukehusa skal samarbeide om utvikling og forbetring av tenestene, og for dialog og medverknad internt og eksternt.

– Det gode arbeidet har midlertidig ikkje gitt dei økonomiske resultata helseføretaket treng, og styret meiner derfor det er riktig å løyse Remme frå arbeidsavtalen, seier Theodorsen.

Ikkje lukkast med omstilling

Helseføretaket har ikkje levert på dei økonomiske resultatkrava sidan fusjonen i 2011, og Remme erkjenner at føretaket ikkje har lukkast med nødvendig omstilling.

– Eg har vore førebudd på at styret måtte gjere grep når den ønskja utviklinga ikkje har kome. Det viktigaste for meg no er likevel å understreke at eg er svært stolt og imponert av våre tilsette som kvar einaste dag står på for å gje innbyggjarane våre eit godt tenestetilbod saman med kommunar og viktige samarbeidspartar, seier avgått administrerande direktør Espen Remme.

Saken fortsetter under annonsen

Styreleiar Theodorsen legg til at«Helseføretaket må ha nødvendig økonomisk berekraft for å løyse dei faglege utfordringane vi står framfor, og for å kunne investere i nytt medisinskteknisk utstyr og vedlikehald av bygg og anlegg.»

Han vart konstituert direktør

Espen Remme blei tilsett som strategi- og utviklingssjef i januar 2012, og hadde ansvaret for utviklingsplanen og prosessen knytt til sjukehusstrukturen i føretaket fram til han blei tilsett som administrerande direktør i september 2015.

– Eg har hatt det privilegium å vere direktør for ein fantastisk organisasjon, og vil takke tilsette, tillitsvalte og kommunane i fylket vårt for samarbeidet. Utviklinga av sjukehusa og spesialisthelsetenestene er eit viktig arbeid, og eg ønskjer framfor alt at Helse Møre og Romsdal skal lukkast i drift, omstilling og berekraft, avsluttar Remme.

Stillinga som administrerande direktør vil bli lyst ut så snart som mogleg. Fram til ny direktør er på plass vil direktør for eigarstyring i Helse Midt-Norge, Nils Kvernmo, vere konstituert i ein mellomperiode.

– Tiltaksarbeidet og omstillinga må halde fram som planlagt, og Kvernmo vil følgje opp dette framover, seier Theodorsen.

Espen Remme ønskjer ikkje å uttale seg noko meir utover denne pressemeldinga, og viser til styreleiar Ingve Theodorsen for meir informasjon.

Saken fortsetter under annonsen