Svein Gjedrem blir styreleiar i skandaleråka Helse Sør-Øst
Det blei i dag oppnemnt nye styremedlemmar og styreleiarar for dei regionale helseføretaka.
Helse Sør-Øst, Helse Vest og Helse Midt-Noreg, får nye leiarar. Det går fram av ei pressemelding frå regjeringa.
Marianne Telle er den einaste som blir sitjande av leiarane. Ho held fram som styreleiar i Helse Nord.
-
PREMISSLEVERANDØRENE: De som egentlig styrer helse-Norge
I Helse Sør-Øst blir tidlegare sjef i sentralbanken, Svein I. Gjedrem ny styreleiar.
Helseføretaket har det seinaste året vore plaga av fleire skandalar knytt til handtering personlege helsedata og IKT. Så seint som denne uka blei det kjend at datasystema til føretaket har vore råka av innbrot for kort tid sidan. Direktør Sigrun Vågeng i Nav sit òg i dette styret.
I Helse Vest blir Statoil-direktør Einar Strømsvåg ny styreleiar, medan konsulent Tina Steinsvik Sund tek over vervet i Helse Midt-Noreg.
Det er òg nokre endringar blant dei andre styremedlemmane i helseføretaka (sjå under).
Helseministeren nøgd
Det er ifylgje regjeringa lagt vekt på at styra samla sett har relevant kompetanse ut frå dei regionale helseføretaka sine formål og utfordringar.
Samstundes har det vore «ønskeleg med ein balanse mellom kontinuitet og fornying i det enkelte styre,» skriv regjeringa i ei pressemelding.
– Eg vil takke styreleiarane og styremedlemmane som no går av for jobben dei har gjort. Dei har lagt ned ein stor og viktig arbeidsinnsats over fleire år til det beste for sjukehusa og pasientane. Samstundes er eg godt fornøgd med dei nye medlemmane. Med deira kompetanse og kvalifikasjonar er eg trygg på at dei vil vidareføre det viktige arbeidet på ein god måte, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Styra i dei regionale helseføretaka:
Styret for Helse Sør-Øst RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
-
Svein Ingvar Gjedrem (styreleiar) (ny)
-
Anne Cathrine Frøstrup (nestleiar)
-
Sigrun E. Vågeng
-
Geir Nilsen
-
Bushra Ishaq (ny)
-
Einar Lunde (ny)
-
Vibeke Limi (ny)
Ansattvalgte:
-
Kirsten Brubakk
-
Christian Grimsgaard
-
Svein Øverland
Styret for Helse Midt-Norge RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
-
Tina Steinsvik Sund (styreleiar) (ny)
-
Paul Steinar Valle (nestleiar)
-
Beate Skillingstad (ny)
-
Liv Stette
-
Bjørn Inge Gustafsson (ny)
-
Kristian Dahlberg Hauge (ny)
Ansattvalgte:
-
Lindy Jarosch-von Schweder
-
Ivar Østrem
-
Anita Solberg
Styret for Helse Vest RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
-
Einar Strømsvåg (styreleiar) ny
-
Tone Berntsen Steinsvåg (nestleiar)
-
Gunnar Berge
-
Olin Johanne Henden
-
Sigurd Kolstrup Hille (ny)
-
Katrine Trovik (ny)
Ansattvalgte:
-
Lise Karin Strømme
-
Bente Sissel Pilskog
-
Tom Guldhav
Styret for Helse Nord RHF vil bestå av følgande styremedlemmar:
-
Marianne Telle (styreleiar)
-
Inger Lise Strøm (nesteleiar)
-
Kari Jørgensen
-
Sven Are Jenssen
-
Beate Rahka-Knutsen (ny)
-
Tom Erik Forså (ny)
-
Tom Børje Eriksen (ny)
Ansattvalgte:
-
Fredrik Sund
-
Sissel Alterskjær
-
Kari B. Sandnes
Styra i dei regionale helseføretaka er dei øvste ansvarsorgana i helseregionen. Dei skal sjå til at helseføretaka i regionane gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga i regionen. Styra har òg ansvar for at dei helsepolitiske måla vert nådde innanfor rammene som Stortinget har vedteke.
Styra består av både eigaroppnemnte styremedlemmar og styremedlemmar som er valde av dei tilsette. Styremedlemmane skal ikkje representere geografiske område, politiske organisasjonar eller andre interessegrupper.
(Kjelde: Regjeringa.no)