Nytt rektorat ved Universitetet i Bergen - Frå venstre: viserektorar Oddrun Samdal og Robert Bjerknes, prorektor Margareth Hagen og rektor Dag Rune Olsen.

Foto

Team Olsen

Universitetet i Bergen

Dag Rune Olsen fortsetter i fire nye år

Publisert: 5. april 2017 kl 16.04
Oppdatert: 6. april 2017 kl 09.46

Dag Rune Olsen og Margareth Hagen er valde til rektor og prorektor ved UiB for perioden 2017 – 2021.

– Det er veldig hyggeleg å få fornya tillit i ein jobb som eg har sett stor pris på i fire år. UiB er ein fantastisk institusjon som eg gler meg til å få leie dei neste åra, seier Dag Rune Olsen.

Han har vore rektor ved UiB i perioden 2013 - 2017, er professor i biomedisinsk fysikk og tidlegare dekan ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet.

1.august skal han ta fatt på sin andre periode saman med ny prorektor Margareth Hagen, og viserektorar Robert Bjerknes og Oddrun Samdal. Det nye rektoratet blei valde utan motkandidatar.

Valet hadde 17,5 prosent valgoppslutning og 75 prosent av dei avlagde stemmene gjekk til Dag Rune Olsen og hans valplattform.

  • Dette er eit godt mandat til å bygge vidare på vår valplattform, seier Olsen.

Utdanning for ein arbeidsmarknad i endring

Saken fortsetter under annonsen

Universitetsstyret ved UiB vedtok hausten 2015 strategien "Hav, liv, samfunn". Strategien framhevar forsking på klima og energiomstilling som eit satsingsområde ved UiB, saman med marin forsking og forsking på globale utfordringar. Denne strategien blir også eit utgangspunkt for det nye rektoratet sitt arbeid.

Rektor Dag Rune Olsen peikar vidare på endringar på utdanningsområdet og samanslåingar av universitet og høgskular som viktig i åra som kjem.

– For UiB nasjonalt handlar det om å finne si rolle i det nye universitet-og høgskulelandskapet der me no ser konturane av 11 universitet og ingen høgskular. Kva rolle skal universitetet ha? Det blir eit av dei store spørsmåla. Me skal styrke oss når det gjeld internasjonal forsking, og me står også framfor nokre store utfordringar når det gjeld utdanningane våre. Korleis kan me lage utdanningar som rettar seg mot ein arbeidsmarknad i sterk endring, og som me så vidt ser konturane av no?

Fokus på yngre forskarar

Nyvald prorektor Margareth Hagen er professor i italiensk litteratur, dekan ved Det humanistiske fakultet, og har tidlegare vore forskingsleiar for Institutt for fremmedspråk og leia likestillingskomiteen ved UiB.

– Dette blir spennande og utfordrande. Eg gler meg og er utålmodig etter å komme i gang, men fyrst skal eg fortsette å vere dekan for HF fram til 1. august.

Dei største utfordringane framoverblir å bygge forskningskvalitet i breidda av UiB.

Saken fortsetter under annonsen

– Me må ta innover oss at me har eit stort og heterogent universitet, derfor må me vere opne for ulike reiskap når me skal arbeide med forskingskvaliteten. Kvalitet i forsking handlar ikkje berre om å styrke toppane og satse, men å sørge for gode fagmiljø. Eg vil ha eit særleg fokus på yngre forskarar og arbeide tett med prodekanane og FA for å lage gode karriereprogram, seier Hagen.