Det begynte med ein heilt vanleg skogstur, ein heilt vanleg kveld. Alt skulle brått endre seg då vi forstod at det som låg der så stille i vegen, var eit menneske.

Foto

Aurora Hannisdal

Mellom livet og døden

Publisert: 5. juli 2017 kl 07.58
Oppdatert: 2. august 2017 kl 08.49

| Denne artikkelen ble første gang publisert i Magsinet Plot #36, mars 2017 |

Det er vanskeleg å slå fast kor lang tid det tok frå eg såg at det låg noko i vegen til vi la på sprang oppover. Det var mørkt, men lyset frå ei gatelykt røpa at det var noko der. Tanken om eit menneske streifa meg berre raskt. Det var nok heller eit dyr. Men så stille det låg! Nei, tenkte eg, det måtte vere ein stein.

I ettertid ser eg korleis hjernen på hjartelaust vis kan dytte vekk tanken om det minst sannsynlege, og mest skremmande. Det var først då veninna mi spurde: «Er det nokon som ligg i vegen der oppe?», at eg reagerte. Då sprang vi begge to.

Den trege reaksjonen min skulle henge over meg i tida som følgde. Tenk om det var dei minutta – eller sekunda, tidsforståinga er noko av det første vi mistar i ein krisesituasjon – som skulle gjere at han ikkje overlevde.

Den trege reaksjonen min skulle henge over meg i vekene som følgde

Eg hadde ofte lurt på korleis eg ville reagere viss eg kom i ein situasjon der eg måtte yte livreddande førstehjelp. Hjartestans var det eg hadde tenkt aller mest på. Det er så lett å sjå føre seg. Ein person fell om. Bom!

Kvart år skjer det med over 3 000 nordmenn. Legg du til alle dei som får hjerneslag eller hamnar i alvorlege ulykker, blir talet langt høgare. Ifølgje Wenche Mathiesen, doktorgradsstipendiat i Stiftinga Norsk Luftambulanse, stiller nordmenn opp for kvarandre når det står om livet.

Saken fortsetter under annonsen

– Det er ei gjensidig tillit mellom folk i Noreg. Når éin treng hjelp, går den andre i gang. Slik er det ikkje overalt, seier ho.

Sjølv om fleire overlever her enn i mange andre land, trur styresmaktene at statistikken kan bli betre. Difor starta helse- og omsorgsminister Bent Høie i februar ein nasjonal dugnad for å auke folk sin kunnskap om førstehjelp. Ved ein hjartestans kan innsatsen dei første minutta bety alt: Utan blodtilførsel til hjernen, vil personen døy i løpet av kort tid.

 

Foto

På høgre hand hadde mannen ein giftering. Det tok fleire minutt før eg registrerte det.

 

Eg hugsar det berre brotvis. At vi stod der over han, sjokkerte. To opne, stirande auge, men han var ein heilt annan stad. Den mørke huda. Det mørke, skitne mellom tennene hans. Det må vere ein overdose, tenkte eg. Visst var det underleg med ein rusmisbrukar der ute i skogen, men eg fann inga anna forklaring.

Sjølv om eg ti år tidlegare hadde vore med i Røde Kors Hjelpekorps, var det ingen – ingen – som hadde førebudd meg på det eg såg den 20. september 2016: at døden forvandlar oss. At ein kjekk, veltrent mann, yngre enn meg sjølv, kan bli til ein kropp som eg nøler med å nærme meg.

Saken fortsetter under annonsen

På få sekund var vår kvardagslege joggetur i marka over. Dei gule lauva på trea, den kjølege, friske lufta, alt var gløymt. Tankane raste i hovudet mitt. Eg trur eg var innom tanken om at er det ein overdose, er det jo hans eigen feil. Men instinktet til å hjelpe var der. Vi måtte prøve. Veninna mi og eg såg på kvarandre, og eg sa med tynn stemme: «Eg har ikkje telefon, Helle». Ho svarte: «Ikkje eg heller.»

I dag kan eg tenkje at det var som om eg mista ein bit av meg sjølv. Tilbake var eit slags skal, og alt eg hadde lært kom til meg på éin gong: Frie luftvegar. Puls. Hjartekompresjonar. Innblåsingar. 30-2. Ringje 113. Men kva gjer ein først og sist? Eg trur eg skalv. Eg kjende meg svak.

Éin av tankane eg hugsar, var eit spørsmål som mange år tidlegare var blitt stilt i eit varmt og opplyst Røde Kors-lokale: Kva skjer om ein startar hjartekompresjonar på nokon som ikkje treng det? Svaret frå instruktøren hadde vore noko sånt som: «Gjer du det, kan eg love deg at vedkomande vil gje beskjed rimeleg raskt».

Så etter at vi hadde slått mannen på kinnet, ropt «hallo, hallo» utan å få respons, etter at Helle hadde sjekka om han hadde noko i munnen og eg hadde kjent etter puls på ein iskald hals utan å ha roa til å leite, tenkte eg at eg fekk begynne med det eg hadde lært: 30 kompresjonar. Kva eg skulle gjere etter det, fekk eg tenkje på undervegs.

 

Foto

Helle Falkenberg (t.v) og eg er attende på staden der vi fann han, eit halvt år etter. Foto: Aurora Hannisdal

 

Saken fortsetter under annonsen

Når vi hamnar i ei ekstrem hending, sprikar dei menneskelege reaksjonane. Nokre blir lamma, klarer ikkje å gjere noko. Andre vil springe vekk for å redde seg sjølve, viss dei opplever situasjonen som farleg. Andre igjen går til angrep og handlar.

Felles for mange av oss, er at vi begynner å sortere ut informasjon. Det skjer i eit rasande tempo. Kalkulerte analysar kan vi berre gløyme. Vi legg merke til enkelte ting, andre overser vi. Kroppen mobiliserer til kamp eller flukt, og sansane konsentrerer seg om det som verkar viktigast.

Slik kunne det ha seg at det gjekk fleire minutt før eg observerte treningstightsen til mannen og gifteringen på høgre hand. Slik kunne det ha seg at eg trudde han var ein rusmisbrukar, medan Helle sitt første innfall var at vi hadde hamna i eit gjengoppgjer. Vi observerte to skikkelsar borte i skogen, og medan Helle tenkte på gjengmedlemmar, vart eg sjølv frykteleg sint fordi nokon berre stod der. «De må ringe 113! Vi har ikkje telefon», ropte eg fortvila. «Ikkje vi heller,» svarte ei kvinnestemme.

Wenche Mathiesen har sett det mange gonger. Folk klandrar seg sjølve

Folk eg har fortalt denne historia til, stussar ofte over dei to kvinnene. Det var desse som fann mannen aller først, og som like før hadde sett han springe forbi. Gjekk dei berre frå han, har folk spurt. Ja, dei gjekk for å finne telefon, har eg svart – truleg sprang dei òg, vi såg det ikkje. Men burde ikkje den eine blitt hos han, medan den andre gjekk etter telefon, spør folk gjerne då.

Og ja, ifølgje læreboka er det slik. Men viss det er første gong du står ansikt til ansikt med døden, er lærebøker milevis unna. Etter å ha kjent roa og konsentrasjonen forlate kroppen min, hendene bli klamme og berre eit slags skal med eit salig rot av tankar vere igjen, etter å ha kjent styrken forlate meg og kroppen min begynne å skjelve, så forstår eg uendeleg godt at dei som ikkje har trena – mange gonger – på hjarte-lungeredning, ikkje set i gang.

 

Saken fortsetter under annonsen

Foto

Irene Lyngstad Ihler fann på mange forklaringar for seg sjølv den kvelden ektemannen hennar ikkje kom heim att. Seinare fekk ho vite at han hadde falle om. Foto: Aurora Hannisdal

 

I boka «The Unthinkable» skriv Amanda Ripley om korleis øving og mental førebuing aukar sjansen for å handle rett i ein krisesituasjon. Gjennom intervju med folk som har overlevd store ulykker, fann Ripley ein fellesnemnar: Svært mange hadde på førehand ein plan for kva dei skulle gjere om det verste skjedde.

Wenche Mathiesen har intervjua mange førstehjelparar. Ho ser at øving er svært verdifullt. Men langt frå alle kjenner att ein hjartestans, og fleire som har fått opplæring i hjarte-lunge-redning, ventar likevel på instruksar frå naudsentralen, 113, før dei startar. I dag ønskjer fagfolk, i større grad enn før, å sjå på førstehjelparar som ein reiskap for naudsentralen.

– Det kjennest jo ikkje naturleg å presse ned brystkassa til eit menneske hundre gonger i minuttet og sende straum gjennom kroppen. I andre situasjonar ville det vore vald. Sjølv forskar eg på dette, men eg veit ikkje kva eg ville gjort viss eg hamna i situasjonen sjølv, seier ho.

For min eigen del er eg nokså sikker på at hadde eg ikkje blitt drilla, igjen og igjen, rundt ti år tidlegare, hadde eg ikkje klart det eg gjorde. Mest truleg ville eg ha venta med kompresjonar til nokon bad meg om det. Sjølv då kan det hende at eg hadde vore nølande, forsiktig. Eg var i sjokk, og eg var ein annan versjon av meg sjølv.

 

Saken fortsetter under annonsen

Foto

Fem år før hjartestansen hadde dei gifta seg. Foto: Aurora Hannisdal

 

Vi skal ta ein liten avstikkar, til Trøndelag tilbake i januar 2011. Her var Margareth Rose Weie, i dag 45 år, på veg heim frå jobb då ein bil køyrde forbi henne. Det gjekk ikkje lange stunda før ho måtte bråbremse. Ho var komen til ei ulykke.

– Eg gjekk bort til den eine bilen først. Der sat det ei kvinne eg kjende, og ho ropte etter hjelp, seier Weie.

Det var den klassiske feilen, fortel ho. Å gå til den som ropar. For i ein annan bil sat ei kvinne med rattstolpen trykt inn mot strupen. Då Weie kom bort dit, fekk ho høyre frå andre på staden at det ikkje var vits, frontdøra gjekk ikkje opp. Ho vart rasande. Det er alltid vits, tenkte ho og reiv opp bakdøra, full av adrenalin.

Ei ung kvinne døydde den kvelden. Ho døydde medan Weie sat bak henne og strauk henne på kinnet. Weie hadde ikkje krefter til å dytte vekk rattstolpen, og pulsen som ho først kjende, stilna snart heilt.

Ein kunne tenkje at historia stoppa der. Men på mange måtar er det der historia begynner. For Weie vart hendinga starten på timar, veker, månader og år med grubling, anger, sorg og skuldkjensle. Kva om ho hadde gått bort til den andre bilen først? Og kva om ho ikkje hadde lete seg køyre forbi, av bilen som ho trur var ein av ulykkesbilane? Sjølv var ho køyrelærar – kanskje ville ho ha vore i stand til å styre unna den bilen som sklei over i feil køyrebane, ein januarkveld på E6.    

Wenche Mathiesen har sett det mange gonger. Folk klandrar seg sjølve. Faktisk er det ikkje sjølve hendinga intervjuobjekta hennar har hatt mest lyst til å snakke om. Det er tida, og alle spørsmåla, som kom etterpå. Dei som ikkje kjende pasienten, spør seg om han overlevde, og kva dei kunne gjort annleis. Dei som får vite at han døydde, spør seg berre om det siste.

Ville han overleve? Hadde eg gjort ting rett?

Då ambulansen reiste, var vi fem personar som stod igjen. Den eine budde i eit hus like nedanfor, det var ho som hadde ringt 113. Vi andre var tilfeldige turgåarar. I løpet av få og intense minutt, hadde vi blitt eit team med kvar våre oppgåver.

Alle hadde opplevd eit mirakel: Etter eit par rundar med kompresjonar, hadde mannen begynt å puste. Djupe, kvesande drag, men pusten var jamn, og i samråd med naudsentralen hadde vi lagt han over på sida. Det var først medan han låg slik at eg hadde sett treningstightsen, gifteringen og - etter kvart - den lyse hudfargen.

Det hadde vore ein stor letnad å sjå blålysa mellom trea. Endeleg kunne vi gje frå oss ansvaret til nokon som verkeleg kunne dette.

«Er det mogleg å få vite korleis det går med han,» hadde eg spurt ambulansearbeidarane.

«Det blir nok dessverre vanskeleg,» var svaret. Men vi hadde gjort ein god jobb, tusen takk for innsatsen.

På vegen heimover var hovudet mitt fullt av spørsmål. Ville han overleve? Hadde eg gjort ting rett? Mannen hadde ikkje hatt identifikasjon, og der vi passerte koselege små rekkehus og undra oss over at folk oppførte seg som om ingenting var hendt, kika eg inn vindauga og tenkte på kona hans. Kven var ho? Kanskje budde ho nettopp her?

 

Foto

Telefonen hans låg att heime, og då det lei på kveld ringde Irene til ein ven av han. Etterpå ringde ho svigerforeldra sine. Foto: Aurora Hannisdal

 

Irene Lyngstad Ihler hadde funne på mange forklaringar for seg sjølv. Først, at han hadde tatt seg ein ekstra runde. Så, at han hadde funne nokon å skravle med. Seinare tenkte ho at han hadde stukke innom ein kompis som heldt på å flytte. Då det lei enda lenger på kveld, sa ho til seg sjølv at han var nok blitt huka inn for å hjelpe til med flyttinga. Ho vart litt irritert. Ikkje hadde han med seg telefon, heller.

Rundt klokka ti bestemte ho seg for å ringje. Men kameraten som heldt på å flytte, kunne berre fortelje at ektemannen hennar ikkje var der. Då ringde ho svigerforeldra sine, men dei hadde same, tomme svar. Snart var dei der hos henne.

Irene Lyngstad Ihler er ein person som kan føle mykje. Men då ho slo nummeret til politiet, skrudde ho av alle kjensler. Nokre minutt etterpå sette ho seg i bilen saman med svigerfar sin og køyrde til Ullevål sykehus.

Hos meg surra tankane i hovudet i dagane som følgde. Eg var letta over at eg hadde klart å yte førstehjelp. Eg var glad for at han hadde begynt å puste igjen. Men eg spurde meg sjølv om eg hadde gjort ein god nok jobb. Eg visste at eg ikkje hadde fått til å blåse inn luft, eg hadde frykta at han hadde noko i halsen som eg kom til å dytte lenger bak. Eg hadde også frykta smitte.

Vil redde fleire liv

  • Mellom 3000 og 4000 nordmenn får hjartestans utanfor sjukehus kvart år. Om lag 12.000 får hjerneslag.

  • Sjansen for å overleve ein hjartestans aukar med to til tre gonger om pasienten får hjarte-lunge-redning før ambulansen kjem.

  • Helsedirektoratet og statsråd Bent Høie starta i februar 2017 ein nasjonal dugnad for å auke folks kunnskap om livreddande førstehjelp. Styresmakter, politikarar, ideelle organisasjonar, stiftingar og fagfolk tar del. Målet er å redde 200 fleire liv årleg.

Kjelder: Regjeringen.no og Andres Neset, Universitetet i Oslo

Ein tanke som grov seg stadig lenger inn i sinnet mitt, var tanken om at eg burde ha reagert raskare då eg såg at det låg noko der. Kor mykje tid hadde vi tapt? Ti sekund? Tre minutt? Det var umogleg å seie. Kvinnene som kom først fram, sa om att og om att at han låg der ikkje lenge. Men kva betydde eigentleg det? Kanskje hadde han lege der fem minutt? Det er kort tid, men lenge nok til å få varige hovudskader. Kanskje hadde eg hjelpt ein mann til å overleve, men til eit liv han helst ville ha vore utan.

 

Foto

Det siste vi såg, var ein ung, sporty mann bli lagt inn i ambulansen. Eg var lenge usikker på om eg eigentleg ønska å vite om han overlevde. Foto: Aurora Hannisdal

 

Når vi har mange spørsmål, forsøker hjernen vår å finne svar. Vi prøver å byggje på den informasjonen vi har, slik at vi får fullstendige historier. Tankane kan rive oss i stykke innanfrå.

Psykolog og forskar Pål Ulvenes ved Modum Bad fortel om ei kvinne som miste bror sin etter ein skitur langt til fjells. I dagevis såg ho han føre seg, korleis han forfrosen og kald hadde vandra rundt og leita etter vegen heim. Så slutta hjartet å slå, hender og bein stivna, men augo var opne og stirande. Heile tida jobba hjernen til kvinna med å lage puslespelbitar, så ho kunne danne seg eit bilete av kva som hadde skjedd.

Til slutt fekk ho vite. Ein patolog fortalde henne at broren hennar sannsynlegvis hadde begynt å kjenne seg varm, sjølv om det var bitande kaldt. Truleg hadde han døydd med få klede på seg. Då immunforsvaret ikkje lenger var aktivt, hadde bakteriar begynt å fortære kroppen hans. Også åtseletarar hadde nok funne han og ete av han, til berre skjelettet låg igjen.

Det patologen fortalde, var mykje verre enn det kvinna hadde sett føre seg. Likevel vart ho letta. Ho fekk det betre, for no sleppte ho å bruke kreftene sine på sjølv å leite etter svara på dei vonde spørsmåla.

Margareth Rose Weie, den tilfeldige bilkøyraren i Trøndelag, fekk svar med det same. Ho klarte ikkje å redde kvinna ho strauk på kinnet. Men sjølv med denne forvissinga vart Weie sitt liv snudd opp ned. For det var også ting ho ikkje fekk vite. Som at kvinna ville ha døydd uansett om ho hadde gått bort til hennar bil først – den informasjonen fekk ho først to år seinare. Eit anna spørsmål vil ho aldri få svar på: kva som ville hendt om ho hadde trykt på gassen, i staden for å la seg køyre forbi den kvelden.

Vi jaktar på dei heile historiene og lagar oss førestillingar om «kva viss, kva viss»

For Margareth Rose Weie førte spørsmåla til diagnosen post-traumatisk stressliding. Til to års sjukmelding frå jobben. Til angst, depresjonar og eit ønske om sjølv å døy. Slik ho såg det, fortente ho ikkje livet.

Sjølv var eg så redd for svaret at eg tenkte det var best ikkje å vite. For då var der også eit håp: om at det levde ein mann der ute, at vi hadde hjelpt til og at han hadde det bra. Eg visste at tankane ville rive og slite i meg viss eg fekk dødsbodskapen.

Kva er det som skjer i oss? Kvifor tar vi på oss skulda når det er kroppen til eit anna menneske som har slutta å fungere? Pål Ulvenes ser det ofte hos pasientane sine. Han har sett sjuåringar klandre seg sjølve for at dei ikkje klarte å redde ekteskapet til foreldra. Andre har mista ei mor eller ein far i kreft og tenkjer at dei burde hindra det.

– Det er det same fenomenet som går igjen. Vi jaktar på dei heile historiene og lagar oss førestillingar om «kva viss, kva viss». Vi dannar oss heilt urealistiske fantasiar om at vi skulle klart å ordne opp i ting, seier han.

Nokre meiner at dette er eit positivt trekk i mennesket, fordi det fortel noko om ideala våre. Samtidig fører det oss opp i så uendeleg mange problem.

 

Foto

Når vi har mange spørsmål, prøver hjernen vår å finne svar. Det kan gje oss uendeleg mange problem, ifølgje psykolog Pål Ulvenes. Foto: Unni Tobiassen Lie, Modum Bad

 

Wenche Mathiesen har intervjua tjue førstehjelparar om opplevingane deira. Dei som hadde bakgrunn frå helsearbeid, var stort sett fornøgde med sin eigen innsats, sjølv om personen hadde døydd. Desse visste at sjansen for å overleve ein hjartestans er liten. Dei som ikkje hadde helsebakgrunn, tenkte annleis. Viss pasienten døydde, tok dei anten på seg all skuld, eller dei brukte dagar og netter på å spørje seg sjølve om det tragiske utfallet kunne vere deira feil.

Mange ønskjer ikkje å snakke om det. Dei er så overtydde om at dei har tatt livet av eit anna menneske, at dei puttar det i eit eige rom innvendig der ingen andre slepp til. Derfor var det vanskeleg for Wenche Mathiesen å finne personar å intervjue. Ho måtte leite.

Eg vart til slutt overtydd av folk rundt meg: Du må finne det ut, elles kjem du aldri til å få fred, sa dei. Det tok meg nokre dagar før eg våga å slå nummeret til akuttavdelinga ved Ullevål sykehus.

Svaret fekk eg raskt: Dei kunne ikkje hjelpe meg. Det er så mange som ringjer og vil vite, eg skulle berre visst.

 

Foto

Eg såg meldinga nokre dagar etter at ho var lagd ut, men eg måtte lese ho fleire gonger før eg klarte å tru det som stod der.

 

Den første kvelden på sjukehuset hadde legane fortalt Irene Lyngstad Ihler alt dei visste. Mannen hennar vart funnen raskt, det var blitt utført hjarte-lunge-redning, han hadde begynt å puste og ambulansepersonalet hadde lagt han i kunstig koma. Det gjorde godt å få all informasjon med det same, fortel ho i dag.

Først hadde ho ikkje tatt inn over seg alvoret. Tanken om døden var for vond. Men då legane ikkje klarte å vekke ektemannen hennar 22. september 2016, to dagar etter at han fall om, fekk ho og resten av familien beskjed om at dei måtte bu seg på det verste. Då kjende ho frykta for første gong; frykta for at borna hennar skulle vekse opp utan pappa, og for at ho sjølv skulle miste mannen sin.

23. september fylte son deira, Magnus, eitt år. Han feira dagen hos bestemor og bestefar, med kake og fest, medan mor hans var på sjukehuset og far hans låg i koma.

Vesle Magnus fekk den største bursdaggåva han nokon gong vil få. For denne dagen vakna Martin Lyngstad Ihler. Han var groggy og forstod sjølv ingenting av all ståheien. Foreldre, søsken, tanter og onklar, det var så mange som var innom, og fleire gret. Ligg eg for døden, spurde han seg sjølv.

Irene, kona hans, var der også. Ho var så roleg, hugsar han.

Folk som hjelper, kjenner seg frykteleg åleine

Fagfolk snakkar om kjeda som reddar liv. Ved ein hjartestans er det fire ledd: tidleg varsling, tidleg hjarte-lunge-redning, tidleg defibrillering med hjartestartar og god behandling på sjukehus.

– Det blir venta at mannen i gata skal kunne utføre tre av desse fire ledda. Men han får inga oppfølging etterpå. Folk som hjelper, kjenner seg frykteleg åleine, seier Wenche Mathiesen.

I dag stridast forskarar om kva som er den beste oppfølginga etter eit traume. Nokre meiner at timane rett etterpå er nøkkelen. At så mange spørsmål som muleg må få eit svar allereie då, slik at ein får danna seg ei samanhengande historie. Gjer ein ikkje det, vil mange leite etter desse svara i dagar og netter, månader og år.

Alle Mathiesen har intervjua, har ønska å få vite korleis det gjekk med pasienten. Dei som ikkje kjende personen i utgangspunktet følgjer med på dødsannonsar i avisa, kanskje køyrer dei til området der dei trur vedkomande bur. Nokon ringjer sjukehusa, men det er nyttelaust.

Wenche Mathiesen meiner at alle som ønskjer det, burde få vite. Ikkje namn, ikkje adresse, men om utfallet vart liv eller død. Ho trur også at nokre små, enkle fakta kunne gje mange hjelparar eit betre liv. Som for eksempel at ikkje alle hjarte er like. At ein heil del faktorar påverkar sjansen til å overleve, og at dei fleste døyr, sjølv med rask og god hjelp.

 

Foto

I dag er familien på fire komplett: Magnus (t.v.), Ingrid, Martin og Irene. Livet går vidare, men takksemda er større enn før. Foto: Aurora Hannisdal

 

Eit halvt år etter hendinga i skogen sit eg i ein kvitmåla einebustad tre kilometer unna der vi fann han. Det var altså her dei budde. I ei roleg lita gate, kven kunne ane uroa som var her inne ein septemberkveld i 2016. No sit dei der ved sida av kvarandre, to varme, opne menneske, begge i 30-åra.

Vi snakkar om halvåret som har gått, om korleis livet kom attende til dei. Om at legane aldri fann heilt ut av ting og opererte inn ein hjartestartar, for å vere sikre. Sjølv hugsar Martin ingenting av det som hende. Men han er eit rutinemenneske, veit at han brukar å spurte opp den bakken. Eg spør dei, har dei tenkt «kva viss»? Nei, svarer dei. Men dei har kjent på takksemd, og på kva som er viktig i livet. Overtidstimar på jobben kostar meir enn før. For kvar time med jobb, mistar dei ein time med kvarandre.

Dei har merka at livet er skjørt. Fire månader etter hjartestansen, miste dei ein nær ven. Medan deira eiga dotter på tre år kan spørje far sin, «pappa, har du slått hjartet ditt?», og pappaen kan svare at han slo hjartet sitt ein gong, men det gjekk bra, må ein annan treåring vekse opp i ein annan kvardag. Han dissar og dissar, så høgt han klarer, for han vil hente far sin ned frå himmelen.

 

Foto

Ein haustkveld i 2016 fekk Martin Lyngstad Ihler livet attende. Verken eg (t. v.) eller Helle Falkenberg vil gløyme det som hende på det vi først trudde var ein heilt vanleg joggetur. Foto: Aurora Hannisdal

 

Så tilfeldig alt er. Nokon døyr, andre får leve. Også mitt eige liv vart endra den dagen eg såg ei Facebook-etterlysing av førstehjelparar i Oslo-marka. Det gjekk frå grubling og tankar, til ei rusande glede. Ein ven av Martin hadde skrive ei melding på ei av Østmarka-gruppene der inne. Sjølv hadde eg meldt meg på alle tenkelege grupper, i tilfelle.

Det var tre av oss som var der den kvelden, som såg meldinga. Tre av fem. Dei to kvinnene som henta telefon, har framleis ikkje fått svar. Eg har prøvd å finne dei, utan å klare det. Vi fekk ikkje namna deira, og vi veit ikkje kvar dei bur.

Det ville vere fint om dei fekk vite. For eg minnest det dei sa då vi tok følgje heimover, etter at ambulansen hadde reist.

«Det var godt at de kom,» sa dei. Og:

«Han låg der ikkje lenge. Han låg der ikkje lenge.»

Den eine fortalde at ho hadde tatt eit førstehjelpskurs på jobben, men ikkje klart å hente det fram att då ho stod der. Den andre sa at ho hadde fått fleire tilbod om kurs gjennom ein organisasjon ho var med i. Om eg hugsar rett, spurde ho seg sjølv kvifor ho aldri hadde takka ja.