Foto

Dreamstime

Sosiale medier

Ekkokammeret

Publisert: 1. september 2017 kl 15.08
Oppdatert: 11. november 2021 kl 11.23

Både ekkokammer og skyttargraver kan føre til auka polarisering på internett, viser ein studie gjennomført av Brian Uzzi, professor ved Kellogg School of Management, og kollegaer ved IMT School for Advanced Studies Lucca.

Algoritmane på sosiale media har ein tendens til å syne deg informasjon du er samd i eller som støtter opp under haldningane dine. Men kva rolle spelar dine eigne handlingar i denne prosessen? Ved hjelp av 12 millionar sosiale-media brukarar har ei forskargruppe no kanskje funne svaret. Uzzi og kollegaene kom til den konklusjonen at brukarar sjeldan held seg nøytrale. Dei fleste brukarane bevega seg faktisk ekstremt raskt mot polarisert innhald.

– Sosiale media har ei enorm påverknadskraft i storsamfunnet, seier Uzzi, som minner om at falske nyheiter vert presentert som ekte nyheiter i sosiale media. Dette bidreg til at vi no lever i ei tid utan sanning og med alternative fakta.

50 interaksjonar

I studien sin av polarisering i sosiale media, delte forskarane innhald på Facebook og videotenesta YouTube inn i to kategoriar: «konspirasjonsteoriar» og «vitskap». Dei samanlikna forbrukarmønstera på begge plattformene frå januar 2010 til desember 2014. Ved å ta i bruk offentleg tilgjengeleg informasjon, kunne forskarane sjå korleis aktiviteten til brukarane innanfor dei to kategoriane forandra seg over tid.

På begge plattformane var det brukarar som berre var aktive anten i konspirasjonskategorien eller vitskapskategorien. Andre brukarar starta derimot med å vere aktive i begge kategoriane, men skifta raskt til å berre dele, like eller kommentere i ein av kategoriane. Uansett korleis brukarane starta, vart nesten alle svært polariserte etter kort tid.

Forskarane definerte polarisering som at 95 prosent av alle kommentarar, delingar og liker-klikk tilhøyrer ein einskild kategori. Dette var tilfellet for 93,6 prosent av Facebook-brukarane og 87,8 prosent av YouTube-brukarane. Men det var hurtigheita i polaringseringsprosessen som overraska forskarteamet.

Saken fortsetter under annonsen

Foto

– Internett forsterkar moglegheita til å behalde trua på eigne haldningar fordi det er så lett å finne folk som er samde med deg, seier Rune Karlsen, statsvitar og forskar ved Institutt for samfunns-
forskning. Foto: Institutt for samfunnsforskning

Forskarane trudde at brukarane som byrja med å vere aktive både innanfor «konspirasjonsteoriar» og «vitskap» ville halda fram med å dele, kommentere og like i begge kategoriane. Det synte seg derimot at brukarane raskt vart veldig selektive. 50 klikk, delingar eller kommentarar var alt som skulle til før innhaldet til brukarane vart polariserte.

– Til og med menneske som i utgangspunktet ser fleire sider av same sak, kan raskt bevege seg inn i eit ekkokommer, seier Uzzi.

Ekstreme ideologiar

Plattformene i sosiale media forandrar innhaldet du får sjå basert på kva type innhald du er sjølv er aktiv innanfor. Uzzi åtvarar mot utviklinga, og viser til at det å justere innhald på denne måten kan føre til at folk utviklar haldningar som er basert på einsidig informasjon, utan å sjå kva meir informasjon som finnast der ute. Når brukarane først har fått innpass i eit ekkokammer, kjem dei seg sjeldan derifrå.

Uzzi forklarar også at når ein først har blitt polarisert, så er det lett for å bli endå meir polarisert.

– På innsida av eit ekkokammer er det endå meir ekstreme idear som får tankegangen til brukarane til å utvikle seg. Du blir derfor anten meir venstreorientert eller høgreorientert, fordi den høgaste røysta er den som driv menneska i ein spesiell retning, seier han.

Saken fortsetter under annonsen

Foto

– Det er ikkje eit demokratisk ideal å ikkje møte motførestillingar mot det ein driver med, sier Eli Skogerbø, professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Har folk i ryggen

Samfunnsforskar Rune Karlsen ved Norsk institutt for samfunnsforsking har sett på korleis ekkokammer- og skyttergravsdynamikk verkar haldningsforsterkande i Noreg i studien «Echo chamber and trench warfare dynamics in online debates», publisert i European Journal of Communication.

– Internett forsterkar moglegheita til å behalde trua på eigne haldningar fordi det er så lett å finne folk som er samde med deg. Du kan trekkje deg tilbake til ekkokammeret der alle er samde med deg. Heile tida har du folk i ryggen, seier Karlsen.

Saman med tre kollegaer har Karlsen studert skyttergravsdynamikk for å forstå kva som skjer med den offentlige debatten på internett. I ei spørjeundersøking spurde dei 5000 nordmenn om dei debatterte med folk som hadde ulike meiningar enn seg sjølv.

– Relativt mange debatterer med folk som har andre haldningar enn dei sjølve. I tillegg spurde vi om dei endra meining etter debattar, det var det berre et fåtal som gjorde.

Sjølv om ein oppsøkjer andre synspunkt og haldningar enn ein sjølv har, endar ein opp med ei forsterka tru på eigne meiningar uansett, forklarar forskaren.

Saken fortsetter under annonsen

– Ein tek imot bodskap som ein ikkje er samd i for å kunne argumentere mot det og bli overtydd om eigne haldningar. Om nokon er samd med deg, blir det ein forsterkande effekt.

Ifølgje rapporten kan det å debattere med folk som har andre meiningar enn ein sjølv ha ein liknande effekt som ekkokammereffekten.

Ut av taushetsspiralen

På 1970-tallet vart teorien om «taushetsspiralen» utvikla av Elisabeth Noelle-Neumann, grunnleggjar av Institut für Demoskopie Allensbach Mainz. Den hevdar at folk fryktar sosial isolasjon dersom dei ytrar meiningar eller haldningar som få er samde om. Folk er redde for å seie noko som kan bli oppfatta som dumt av andre, og derfor vel folk flest å halde tilbake synspunkta sine.

Folk har alltid debattert – på skulen, jobben og i kommentarseksjonene i aviser. Men dersom du har ekstreme haldingar, er det kanskje ikkje alltid like lett å dele desse på arbeidsplassen eller studiestaden i frykt for å bli utstøytt. På internett derimot, er det fritt fram for alle.

– På internett er det nært sagt umogleg å bli sosialt isolert på grunn av haldningane sine. Det er veldig lett å finne likesinna folk, seier Karlsen.

 

Saken fortsetter under annonsen

Foto

Politikerne har for alvor oppdaget sosiale mediers nedslagskraft. Statsminister Erna Solberg er aktiv bruker av både Facebook og Instagram. Bildet er fra åpningen av Facebooks kontor i Oslo i fjor. Foto: Terje Pedersen/NTB-scanpix

 

Politisk kunnskapsgap

For rundt 20 år sidan fekk «alle» med seg litt politikk og samfunnsspørsmål på dei tradisjonelle medieplattformene. I dag kan man velje og vrake i plattformer, mange, og då spesielt unge, vel vekk aviser og TV til fordel for plattformer på sosiale media.

– Det er tendensar til at nokon vel bort nyheiter, men desse tendensar er framleis ganske moderate i Europa. Med alle dørene som internett opnar, kan dei som er politisk engasjert få kjempestore moglegheiter til å få med seg mykje nyheiter og debattar, medan andre som ikkje er interessert, får moglegheita til å velje alt bort, seier Karlsen, som viser til at dette etter kvart kan føre til at det politiske kunnskapsgapet vil auke.

Det ligg i algoritmane i sosiale media at fleire innlegg med saker du er samd i vil dukke opp jo meir du deler, liker og kommenterer.

– I den grad dette blir veldig ekstremt, burde plattformer i sosiale media vere obs på polariseringa og ekkokammera som oppstår. Men ein kan heller ikkje tvinge menneske til å oppsøkje og like sider og personer på sosiale media som dei ikkje er samde med, seier Karlsen.

Saken fortsetter under annonsen

USA skil seg ut

Når det gjeld Kellogg-studien, så er den er basert på amerikanske brukarar av sosiale media. Karlsen gjer merksam på at den sære mediesituasjonen i USA kan ha påverka resultata.

– Vest-Europa har ikkje same type media som ein har i USA. Der er media mykje meir politiske og eit slikt medielandskap kan bidra til å styrkje polariseringa som skjer elles i samfunnet, ei polarisering som ein også ser i sosiale media. I Vest-Europa er ikkje den offentlige samtalen eller sosiale media polarisert i like stor grad som i USA. USA skil seg ut, seier Karlsen.

I store faglige debatter diskuterast det kva den politiske polariseringa i USA kjem av. Innanfor samfunnsvitskapen peikas det gjerne på media og Fox News.

– Polarisering i media er heilt avgjerande for å forstå polariseringa elles i samfunnet. Andre peiker på ting som generell mistillit til politikarar og det å føle seg oversett av eliten. Den økonomiske ulikskapen har auka heilt utruleg mykje i USA dei siste åra – i mykje større grad enn i resten av verda, sier Karlsen.

 

Foto

USAs president Donald Trump tar ofte til Twitter for å dele kunngjøringer direkte med velgerne og for å unngå media. Foto: David Ake, NTB-scanpix

 

Opinionsleiarar

Det er også slik at leiarar innanfor politikk, mote, sport og kulturliv har svært stor makt når dei tolkar og spreier bodskap i sosiale media.

– Ein opinionsleiarar som lenkjer til ei sak i sosiale media, kan også gje saka heilt ny meining ved å vinkla den om. Tonen i sosiale media kan definere kva saka handlar om, påpeiker Karlsen.

Opinionsleiarar på høgresida gir nyheitene ei bestemt tolking, og i nettverk på venstresida vil opinionsleiarar gi nyheitene ei anna type tolking. Dette kan forsterke ekkokammereffekter.

I eit lukka rom

Eli Skogerbø, professor og forskingsleiar for Institutt for Medier og Kommunikasjon ved Universitetet i Oslo har ein mistanke om at ekstremisme veks godt i lukka grupper.

– Grupper som vert omtalte som ekkokammer er ofte ekstreme religiøse eller politiske grupper, men dei er vanskelege å forske på. I den grad det finst folk som lever i desse ekkokammera, vil bestemte verkelegheitsoppfatningar feste seg, seier forskaren.

Skogerbø legg til at vi ikkje har belegg for seie at ekkokammer er eit stort problem. Ho fortel at fenomenet er så lite at det ikkje blir fanga opp av forskarar i Noreg når dei ser på eit generelt utval av befolkninga. Ettersom det gjeld få folk, vil dei ikkje fangast opp av tradisjonelle spørjeundersøkingar. Brukar ein andre metodar, er gruppene ofte vanskelege å få tilgang til. Sjølv om det finst ekkokammer, altså grupper og folk som berre snakkar med meiningsfeller, kjem dei ifølgje Skogerbø altså sjeldan i fram i statistikken.

– Men om du oppheld deg innanfor ei gruppe som ikkje snakkar med andre, der ein ikkje møter motførestillingar,
er det klart at det ikkje er
spesielt sunt, sama kva den gruppa dreier seg om. Det er ikkje eit demokratisk ideal å ikkje møte motførestillingar mot det ein driver med.