Permitteringar på grunn av smitteverntiltak har førebels ikkje gjort utslag på dei nasjonale ledighetstalla frå Nav, men i Oslo starta det å merkas. 

Foto
Heiko Junge / NTB
 
 
Fleire varslar om permitteringar

3300 færre arbeidssøkjarar

Publisert: 17. desember 2021 kl 12.12
Oppdatert: 17. desember 2021 kl 12.12

I midten av desember er det registrert 115.100 heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak hjå Nav, noko som utgjer 4,1 prosent av arbeidsstyrken.

Dette er 3 300 færre enn ved utgangen av november, justert for sesongvariasjonar.

– Dei siste smitteverntiltaka har ført til fleire varslar om permitteringar, men viser seg førebels ikkje i høgare arbeidsløyse.

– Både innstrammingstiltaka og støtteordningane vil kunne påverke arbeidsmarknaden, men i kva grad ser vi først ved neste publisering av tal på arbeidslause, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.

Permitterte

61.000 personar var registrert som heilt arbeidslause i midten av desember, noko som utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken.

Bruttoarbeidsløysa, som er summen av heilt arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak, var på 77.300 personar, eller 2,7 prosent av arbeidsstyrken. I tillegg var 37.900 personar registrert som delvis arbeidslause.

Saken fortsetter under annonsen

7800 av dei heilt arbeidslause er permitterte, medan det same gjeld for 9000 av dei delvis arbeidslause. Dei permitterte utgjer til saman 0,6 prosent av arbeidsstyrken.

Fleire nye arbeidssøkjarar

Hittil i desember har 8 000 personar registrert seg som arbeidssøkjarar hjå Nav, noko som svarar til  om lag 800 per vyrkedag, opp frå om lag 600 i november.

Personar som har blitt permittert eller kjem til å bli permittert utgjer den største gruppa av dei nye arbeidssøkjarane, med 36 prosent.

26 prosent svarar at grunnen til at dei registrerer seg er at dei har mista jobben, eller kjem til å miste den.

Størst nedgang innan butikk- og salsarbeid

Talet på arbeidssøkjarar gjekk ned i alle yrkesgrupper frå november til desember, med unntak av reiseliv og transport, der talet på arbeidssøkjarar var uendra.

Saken fortsetter under annonsen

Justert for normale sesongvariasjonar var nedgangen størst for dei med bakgrunn frå butikk- og salsarbeid, serviceyrker og anna arbeid samt industriarbeid, med 400 færre arbeidssøkjarar for alle tre yrkesgrupper.

I midten av desember var delen heilt arbeidslause høgast innan reiseliv og transport, med 4,3 prosent av arbeidsstyrken, og lågast innan akademiske yrker og undervisning, begge med 0,7 prosent.

Prosentdelen delvis arbeidslause er også høgast innan reiseliv og transport (2,8 %), medan den er lågast innan akademiske yrker (0,4 %) og ingeniør- og ikt-fag (0,5 %).

Størst nedgang i Oslo, Troms og Finnmark samt Rogaland

Talet på arbeidssøkjarar har gått ned i alle fylker den siste månaden, justert for normale sesongvariasjonar.

Nedgangen var størst i Oslo, Troms og Finnmark samt Rogaland (alle -4 %). Både talet på heilt og delvis arbeidslause gjekk ned, eller var uendra, i alle fylker.

Delen heilt arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken er høgast i Oslo, med 2,7 prosent, og lågast i Trøndelag, med 1,6 prosent.

Saken fortsetter under annonsen

Nedgang for dei fleste aldersgrupper

Talet på arbeidssøkjarar gjekk ned blant dei fleste aldersgrupper frå november til desember, med unntak av unge under 20 år. Det var størst nedgang i talet på arbeidssøkjarar blant dei i alderen 30-39 år (-4 %).

Delen heilt arbeidslause er høgast i aldersgruppa 30-39 år, med 2,9 prosent av arbeidsstyrken, og lågast for dei under 20 år, med 1,1 prosent av arbeidsstyrken.

Prosentdelen delvis arbeidslause er høgast for dei mellom 30 og 49 år, med 1,5 prosent av arbeidsstyrken.

Høg etterspurnad etter arbeidskraft

Hittil i desember har det blitt registrert 18700 nye ledige stillingar på arbeidsplassen.no. Det svarar til 1900 ledige stillingar per virkedag.

Det var flest nye utlysingar innan helse, pleie og omsorg (4400), ingeniør- og ikt-fag (1800), samt serviceyrker og anna arbeid (1700). På grunn av feil i publisert statistikk for ledige stillingar i 2020 er tala ikkje direkte samanliknbare med desember 2020.

Saken fortsetter under annonsen