Unge gutar meiner sjukepleiarar er yrke som er best eigna for kvinner
Heile 85 prosent av oss jobbar i eit yrke som anten er dominert av kvinner eller menn.
– Skal vi endre den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, treng vi også fleire menn i en av våre største sektorar, nemlig helse- og omsorgssektoren, seier statssekretær Gunhild Berge Stang i ei pressemelding.
Fredag fekk Kulturdepartementet ein ny rapport som skal gi kunnskap om kva som gjer at menn i så liten grad vel å gå inn i helse- og omsorgssektoren, og om kva tiltak som kan settast i verk for å auke andelen gutar og menn i denne sektoren.
Rapporten trekk blant anna fram at mange av dei unge gutane i undersøkinga oppfattar helse- og omsorgssektoren som ein kvinnesektor.
Omlag halvparten av dei spurte gutane i ungdomsskulen og vidaregåande skule meiner at sjukepleiar er eit yrke som er best eigna for kvinner.
60 prosent av gutane svarar at utdanning i helsefag ikkje interesser dei.
Kjønnsdelt arbeidsmarknad
Regjeringa skriv vidare at dagens kjønnsdelte arbeidsmarknad er ei avgrensing for den einskilde og for samfunnet.
Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå av arbeidskraftbehovet i helse- og omsorgssektoren viser at behovet vil auke som følge av den demografiske utviklinga, og det vil vere behov for 415.000 årsverk i 2035.
Kvar fjerde nye sysselsette vil med det måtte kome inn i sektoren fram til 2035, gitt desse føresetnadane.
– Å få innsikt i korleis unge gutar vurderer helse- og omsorgssektoren er ny kunnskap og viktige innspel i arbeidet for å rekruttere fleire til sektoren. Dette viser at vi fortsatt har utfordringar med å vise at helse- og omsorgssektoren også er noe som passar for guter.
– Eg vil trekke fram at menn som faktisk er i sjukepleieutdanning er positive, dei synast arbeidet er fagleg spennande. Då har vi eit godt utgangspunkt. Noreg treng fleire menn i helse- og omsorgssektoren!, seier Berge Stang.