Illustrasjonsfoto.

Foto

Gorm Kallestad / SCANPIX .

Fall i ledige stillingar

Størst fall innan varehandel

Publisert: 14. februar 2019 kl 09.11
Oppdatert: 14. februar 2019 kl 09.46

Sjølv om talet på ledige stillingar innan varehandel endrar seg mykje mellom kvartala i denne næringa, har det ikkje vore lågare sida 1. kvartal 2017, melder SSB.

Ei anna næring med nedgang siste kvartal var sosiale omsorgstenester utan butilbod. Her gjekk talet på ledige stillingar ned frå 4700 til 3400 siste kvartal, ein nedgang på 28 prosent.

Det totale talet på ledige stillingar gjekk ned med 5600 frå 3. til 4. kvartal 2018.

Auke i olje og gass

Til tross for fallet i totaltalet på ledige stillingar fins det også næringar som fortset å vekse.

Saken fortsetter under annonsen

Innan bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, auka talet på ledige stillingar med 13 prosent til 1700 siste kvartal, det høgaste sida 1. kvartal 2017.