Personar som står utanfor arbeidsstyrken kan til dømes vere studentar, pensjonistar og uføre – men også personar som har gjeve opp å søke arbeid og som dermed ikkje blir klassifiserte som arbeidslause.

Foto

Jeff Sheldon/Unsplash.

Stabil sysselsetting, men fleire utanfor arbeidsmarknaden

Publisert: 27. februar 2019 kl 09.51
Oppdatert: 27. februar 2019 kl 10.17

Arbeidskraftundersøkinga viser at det i desember var 105 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Det er 7000 færre enn i september. Nedgangen er isolert sett innanfor feilmarginen i AKU.

Trenden viser at det har vore ein jamn nedgang i arbeidsløysa frå seinvinteren 2017 og fram til slutten av 2018.

I desember var talet på sysselsette personar om lag som i september. Frå september til desember viser altså sesongjustert tal at talet på arbeidsledige gjekk ned samtidig som talet på sysselsette var om lag uendra. Dette inneber at dei som står utanfor arbeidsstyrken, målt i prosent av befolkninga, gjekk opp.

Personar som står utanfor arbeidsstyrken kan til dømes vere studentar, pensjonistar og uføre – men også personar som har gjeve opp å søke arbeid og som dermed ikkje blir klassifiserte som arbeidslause.

Saken fortsetter under annonsen