Illustrasjonsfoto.

Foto

Helena Lopes/Unsplash.

Arbeidsløysa stabil på 3,8 prosent

Publisert: 26. juli 2018 kl 08.41
Oppdatert: 26. juli 2018 kl 08.41

Justert for sesongvariasjonar var det 106.000 arbeidslause i mai. Det utgjorde 3,8 prosent av arbeidsstyrken, ned 0,1 prosentpoeng frå februar.

Den sesongjusterte arbeidsløysa hadde ein nedgang på 1000 personar frå februar til mai. Dette er klart innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Frå mai 2017 til mai 2018 har arbeidsløysa gått ned frå 4,4 til 3,8 prosent. Denne endringa er utanfor feilmarginen og med andre ord statistisk signifikant.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk ned med 3 000 personar frå februar (gjennomsnitt januar-mars) til mai (gjennomsnitt april-juni).

Auke i talet på sysselsette

Ifølgje AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 9.000 personar frå februar til mai. Denne oppgangen er innanfor feilmarginen i AKU.

Saken fortsetter under annonsen

I løpet av det siste året har det vore ein auke i talet på sysselsette på 44 000 personar. Dette svarer til ein auke frå 66,7 til 67,4 i sysselsettingsprosenten. Denne endringa er statistisk signifikant.

Ifølgje tal frå statistikkontoret i EU, Eurostat, var Noreg landet med den største auken i sysselsettingsprosenten frå 4. kvartal 2017 til 1. kvartal 2018, med 0,6 prosentpoeng.

Likevel hadde Noreg ein lågare sysselsettingsprosent enn Tyskland, Sverige og Island, men høgare enn Danmark, Finland, Storbritannia og EU samla.