Arbeidsledigheten er stabil, og sysselsettingen øker. 

Foto
Audun Braastad / NTB scanpix
 
 

 

111.000 arbeidslause i januar

Publisert: 21. mars 2018 kl 08.51
Oppdatert: 21. mars 2018 kl 08.51

Den sesongjusterte arbeidsløysa hadde ein auke på 1.000 personar frå oktober (gjennomsnitt september-november) til januar (gjennomsnitt desember-februar), dette er klart innanfor feilmarginen i Arbeidskraftundersøkinga (AKU), skriv Statistisk sentralbyrå.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk ned med 4.000 personar frå oktober til januar.

Fleire sysselsette

Ifølgje AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 4.000 personar frå oktober til januar. Denne oppgangen er innanfor feilmarginen i AKU.

I løpet av det siste året har det vore ein auke i talet på sysselsette på 28.000 personar. Dette svarer til ein auke i sysselsettingsprosenten frå 66,7 til 67,0.

Ifølgje tal frå Eurostat var det små endringar i arbeidsløysa i andre land. Den største endringa 4 var i Danmark, der arbeidsløysa gjekk ned med 0,3 prosentpoeng frå oktober og låg i januar på 5,2 prosent.

Saken fortsetter under annonsen

Noreg har høgare arbeidsløyse enn Tyskland, men lågare enn Danmark, Frankrike, Sverige og EU sett under eitt. Arbeidsløysa i USA har stort sett lege på same nivå som i Noreg dei siste to åra.