Folk med fagopplæring vert etterspurde i arbeidslivet.

Foto

Terje Heiestad, Kompetanse Noreg

Kompetansebehovet i norske verksemder aukar

Publisert: 25. august 2017 kl 09.15
Oppdatert: 25. august 2017 kl 09.21

– Folk som ikkje har gjennomført utdanninga si må få eit tilpassa tilbod og målretta tiltak, så dei kan komme seg vidare i utdanning eller arbeid, seier Kompetanse Noreg-direktør Gina Lund i en pressemelding. 

– Arbeidslivet endrar seg, og det blir stadig viktigare å bygge på kompetansen sin gjennom heile livet. Det gjer at både verksemder og tilsette blir meir opptekne av kompetansebygging for å motverke utanforskap.

Aukande udekt behov

40 prosent av verksemdene i Noreg har eit udekt kompetansebehov, viser Verksemdsbarometeret 2017. Dette er ein auke på seks prosentpoeng frå 2016.

Undersøkinga er gjennomførd blant eit utval på 3 000 verksemder, som er representativt for alle norske verksemder med unnatak av einmannsbedriftene.

Saken fortsetter under annonsen

Det udekte kompetansebehovet er størst i næringa informasjon og kommunikasjon, der heile 63 prosent av verksemdene svarar at dei har eit udekt behov. Behovet har auka i alle næringar, med unnatak av undervisning og finansierings- og forsikringsverksemd.

Auken i udekt kompetansebehov er størst i privat sektor, og har auka i dei fleste fylka. Kompetansebehovsauken er i samsvar med NAVs Bedriftsundersøking frå 2017, som viser at bedriftene generelt er meir optimistiske til framtidig sysselsetjing i år enn i fjor.