Illustrasjonsfoto.

Foto

NTB-scanpix.

Arbeidsløysa på 4,8 prosent

Publisert: 21. desember 2016 kl 08.40
Oppdatert: 21. desember 2016 kl 08.40

Dette utgjorde 4,8 prosent av arbeidsstyrken i landet.

Arbeidsløysa gjekk ned med 0,2 prosentpoeng, eller 6.000 personar, frå juli, som er gjennomsnittet for sommarmånadane, til oktober, som er gjennomsnittet for haustmånadane, ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var til samanlikning uendra i den same perioden. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

AKU viser at det frå sommaren 2014 til hausten 2015 var ein gradvis auke i den sesongjusterte arbeidsløysa. Det siste året har endringane i arbeidsløysa stort sett lege innanfor feilmarginen og nivået variert mellom 4,5 og 5,0 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløysa ned i EU

I EU sett under eitt gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng frå juli til oktober, til 8,3 prosent.

Saken fortsetter under annonsen

Arbeidsløysa gjekk ned i Frankrike og Tyskland i denne perioden, med høvesvis 0,4 og 0,1 prosentpoeng til 9,7 og 4,1 prosent.

I Danmark gjekk arbeidsløysa opp frå 6,3 prosent i juli til 6,5 prosent i oktober. Arbeidsløysa i Sverige gjekk ned med 0,1 prosentpoeng til 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa uendra på 4,9 prosent.