ANNONSØRINNHOLD: Høgare utdanning sikrar tryggleik og kvalitet i Velferds-Norge

av: Anonym
Publisert: 27. mars 2023 kl 13.20
Oppdatert: 28. mars 2023 kl 09.46

Unio er Norges største hovudorganisasjon for arbeidstakarar med høgare utdanning.

– Våre utdanningsgrupper, politi, lærarar, sjukepleiarar og andre, har ei viktig samfunnsrolle. Den viktigaste jobben for oss er difor å ivareta interessene til universitets- og høgskoleutdanna. Å sikre ei høgare verdsetting av kunnskap, forsking, kompetanse og ansvar er eit hovudmål for oss, seier Lied.

Unio har 14 forbund med om lag 400 000 medlemmar. Unio famnar om yrkesgrupper i både privat og offentleg sektor, men det er kvinnedominerte yrkesgrupper i offentleg sektor som utgjer fleirtalet av Unios yrkesgrupper. Nærare 80 prosent av medlemmane er kvinner.

Foto

Unio-leder Ragnhild Lied

– Vår kamp for verdsetting av høgare utdanning er også ein kvinnekamp. Det er eit likelønnsproblem når høgt utdanna i jobbar som hovudsakleg blir gjort av kvinner, er langt dårlegare betalt enn samanliknbare mannsdominerte grupper, seier Lied.

Utdanning må lønne seg

Store offentlege velferdstenester slit med å rekruttere og behalde sine tilsette. Dette er eit samfunnsproblem som må løysast i fellesskap mellom mange aktørar. Lønnsnivå, lønnsutvikling og arbeidsvilkår er faktorar som bidrar til at yrke blir attraktive.

– Lønnsutviklinga for mange høgt utdanna, særleg dei med utdanning på bachelornivå i offentlege verksemder, er så lav at utdanninga ikkje lønner seg i eit livsløpsperspektiv, seier Lied.

Unio jobbar mellom anna for at styresmaktene og partane i arbeidslivet skal sikre eit betre lønnsnivå og ei lønnsutvikling som gjer at høgt utdanna menneske ønsker å jobbe i velferdstenestene.

– Skal vi framleis sikre dyktige medarbeidarar i dei livsviktige tenestene i offentleg sektor, må samfunnet verdsette utdanninga og kompetansen som desse arbeidstakarane har, langt høgare enn i dag, slår Lied fast.

Må sikre kvaliteten i tenestene

Blant Unios 14 forbund er det eit fleirtal av profesjonsutdanningar. Dette er utdanningar ved universitet og høgskolar som bygger på forsking- og erfaringsbasert kunnskap.

– Dei utdannar profesjonelle yrkesutøvarar med evne til å utøve skjønn i konkrete arbeidssituasjonar, og som tar i bruk ny forskingsbasert kunnskap i jobben, forklarar Lied.

Ho understrekar at høg formell kompetanse sikrar kvalitet i offentlege tenester. – Innovasjon og nytenking for å møte det grøne skiftet, demografiske utfordringar og digitalisering må skje gjennom satsing på forsking og høgare utdanning, slår Unio-leiaren fast.

Unio jobbar mellom anna for:

•Det skal lønne seg å ta høgare utdanning.

•Større forståing i samfunnet for verdien av høg formell utdanning i dei offentlege tenestene.

• Lærarar med godkjent formell utdanning i heile landet.

• Heile stillingar i helsesektoren.

• Faste stillingar for vitskapeleg tilsette i høgare utdanning.

• Større satsing på forsking. • Betre moglegheiter for etter- og vidareutdanning for høgt utdanna.