Det er muleg å redusere omfanget av den nokså fasttømra ukulturen i delar av politileiinga i Oslo, seier Erling Folkvord.
Foto
Heiko Junge / NTB

Meiner justisministrane har oppført seg som om dei verken høyrde eller såg ukulturen i politiet

Publisert: 1. juni 2021 kl 08.00
Oppdatert: 1. juni 2021 kl 10.48

Kvifor har du skreve denne boka?

– Eg fekk dei første opplysningane om korrupsjon i Oslo-politiet etter at eg i 1990 skreiv boka «Rapport frå Rottereiret - Korrupsjon i Norge 1990». I boka «Sannheta om boblebadet» la Espen Mathisen og eg året etterpå fram eitt korrupsjonseksempel frå Oslo-politiet.

– Da daverande justisminister sa nei til uavhengig gransking, forstod eg litt meire om kor omfattande problem vi har med å gjere – og til slutt vart det denne boka.

Kva er de viktigaste poenga i boka?

– Nesten alle sakene eg skriv om, starta i dei 20 åra politimannen Eirik Jensen var informantbehandlar for narkotika-smuglaren Gjermund Cappelen, men Jensen har ei rolle i berre ei av sakene.

– Politifolk flest har ikkje skapt ukulturen som la til rette for korrupsjon og korrupsjonsliknande handlingar i Oslo-politiet. Nokre leiarar – men slett ikkje alle – tok vare på og vidareførte denne ukulturen, og politimeistrane let det skure og gå. Justisministrane oppførte seg som om dei verken høyrde eller såg.

Saken fortsetter under annonsen

Kva nye synspunkt eller teoriar presenterast?

– Eg prøver å beskrive fellestrekk i mange saker der det er gjort alvorlege feil, og legg fram forslag til endringar som kan hjelpe dei mange i og utafor politiet som vil rydde opp. Ei tilpassa lov om innsynsrett i politisaker er eitt muleg tiltak. Lova må ha mange fleire avgrensingar og unntak enn den vanlege Offentleglova.

Kva utfordringar møtte du under arbeidet med bokprosjektet?

– Det er svært tidkrevjande å grave fram korrekte fakta på eit saksfelt der det verserer så mange muntlege versjonar om viktige hendingar. For å få til ein tekst som er lett å lese, var det nødvendig med mange rundar med råd og kommentarar frå gode hjelparar. Utan den hjelpa hadde det ikkje vorti ei lesbar bok.

Kva vil du oppnå med boka?

– At lesarar forstår at korrupsjonskultur i delar av politileiinga i Oslo har medført betydeleg samfunsskade, og at opprydding er ei svært krevjande oppgåve som vil ta lang tid. Eg vil at mange - både i politiet og utafor - skal forstå at ei møkkete trapp i politihuset, politidirektoratet eller justisdepartementet er som andre trapper og derfor må vaskast frå øvste trappetrinnet og nedover.

Kva vil du at lesaren skal sitje igjen med etter å ha lest boka?

Saken fortsetter under annonsen

– For det første: At det er muleg å redusere omfanget av den nokså fasttømra ukulturen i delar av politileiinga i Oslo. For det andre: At mange må ta i eit tak viss det skal bli store endringar. Opprydding er dugnad.

Kan du nemna éin person du håpar les boka – og kvifor?

– Statsminister Erna Solberg (H).

– Daverande justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) kunngjorde hausten 2017 at det skulle bli ei uavhengig gransking av «kultur og ledelse i politiet». Statsminister Solberg skifta ut Amundsen i januar 2018, like før han skulle legge fram granskingsopplegget for regjeringa. Statsministeren la dermed lokk over ukulturen. Så sette ho seg godt til rette på dette lokket, side om side med den nye justisministeren, Sylvi Listhaug (FrP). Kanskje Solberg får tid til å lese etter stortingsvalet?

Finst det ei bok du vil anbefale andre å lesa – og kvifor?

– Hjalmar Markussen: «Prosessen mot Lindstrøm - et politisk justismord».

– I denne boka har fiskar, styrmann og frilans-journalist Hjalmar Markussen samla og systematisert ein unik dokumentasjon om korleis statsminister Einar Gerhardsen og andre sentrale personar i Arbeidarpartiet gjorde byråsjef Lindstrøm til lynavleiar og syndebukk etter at 21 gruvearbeidarar mista livet i Kings Bay-ulykka i 1962. Dette er samfunnslære på høgt nivå, og dessutan spennande.

Saken fortsetter under annonsen

Kva forfattar har betydd mykje for deg – og kvifor?

– Da vil eg nemne den libanesiske forfattaren Amin Maalouf. Korstogene sett fra arabernes side og andre av bøkene hans har gitt meg ei viss forståing av historie, kultur og folk i Midtausten, og dermed at Norge er eit lite land i utkanten av verda.

Kva er det viktigaste du har lært under koronapandemien?

– Det blir fort stussleg å vere aleine.

Om du måtte velge?
 

Jo Nesbø – Karl Ove Knausgård

Espresso – Filterkaffe

Musikk – Podkast

Avis på papir – Avis på nett

Skavlan – Lindmo

Dagens Næringsliv – Klassekampen

Åsne Seierstad – Tor Bomann-Larsen

Lese bok – Høyre bok

Sakprosa – Skjønnlitteratur

Film på kino – Film heime

Ved sjøen – På fjellet

 

Erling Folkvord (71)
søn 20.02.2022 23:47
  • Yrke: Pensjonert sosialarbeidar. (Sosialfullmektig, verneassistent og miljøarbeider)
  • Utdannelse: Sosialskole 1974
  • Bosted: Oslo
  • Aktuell med: «Det var ikkje berre eirik Jensen. Om polititoppar og ukultur»
  • Forlag: Solum Bokvennen
  • Antall sider: 396