Digital transformasjon − ingen snarveg til kvalitet i høgare utdanning
Ragnhild Lied er leiar i UNIO.
SYNSPUNKT. Dette sa Georg Apenes på slutten av forrige århundre. Georg Apenes, som døydde i 2016, var politikar og seinare mangeårig direktør i Datatilsynet. Hans spissformulerte åtvaringar er framleis forbausande gyldige.
Også no er det mange som meiner at utdanninga og digitaliseringa, helst i kombinasjon, skal løyse det meste.
Digital teknologi skal svare på mange forventningar og krav om kompetanse for alle, og skal bidra til betre kvalitet i høgare utdanning. Og det er definitivt eit viktig og nødvendig hjelpemiddel. Men vi må også stikke fingeren i jorda. Koronakrisa har vist oss at vi har hatt ein overdriven tru på kva digitalisering kan gjere for kvaliteten i utdanninga, også i høgare utdanning.
Nordmenn flest lever i ein digital kvardag. Noreg ligg langt framme i teknologiutviklinga, noko som utvilsamt har hjelpt oss til å handsame den brå overgangen til heimekontor og digital undervisning på universiteta og høgskulane under koronakrisa.
Førebels evalueringar viser at høgare utdanning lukkast relativt godt med å tilby digital undervisning til studentane då koronakrisa kom. Men eit slåande resultat er at eit stort fleirtal av både studentar og fagleg tilsette meiner at studentane ville lært meir om dei var fysisk på lærestaden, og at det var vanskeleg å bli motivert for og delta aktivt i den nettbaserte undervisninga1. Ei undersøking utført av Forskarforbundet tyder på det same; halvparten av dei spurte undervisarane var usikre på om studentane fekk god nok undervisning i den nye, digitale undervisningssituasjonen2.
Eit slåande resultat er at eit stort fleirtal av både studentar og fagleg tilsette meiner at studentane ville lært meir om dei var fysisk på lærestaden
Dette heng sjølvsagt saman med tida dei tilsette fekk til å lage pedagogiske opplegg som passar tildigital undervisning. Det er dessutan variasjonar mellom fag og føremålet med undervisninga. Nettbasert forelesing kan fungere godt, medan gruppearbeid og diskusjonar krev andre tilnærmingar.
Ein lærdom etter koronakrisa må vere at digitalisering ikkje kan erstatte alle former for tradisjonell undervisning. Både positive og negative erfaringar må vere med når regjeringa no skal revidere digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren.
For det første: Digitale arenaer kan ikkje erstatte det viktige møtet mellom menneska, og kor viktig den sosiale arenaen er for læring, utvikling og trivsel.
Den sosiale arenaen er viktig for all læring, både for unge og vaksne som skal vidareutvikle kompetanse sin.
Difor må undervisningsformene tilpassast faga og situasjonen; noko kan vere digitalt, men oftast krev situasjonen fysiske møte og samhandling. Omlegging til digital undervisning er difor ikkje eit mål i seg sjølv – det må ha som mål at undervisninga skal bli betre og føre til auka læring hos studentane.
For det andre: Omlegging til digital undervisning krev tid, innsats, ny kompetanse og teknisk støtte. Før koronaen svarte 7 av 10 fagleg tilsette at dei trengte opplæring i bruk av digital teknologi for bruk i undervisning og vurdering3.
Mange kallar den nye utviklinga for digital transformasjon. Det handlar ikkje berre om digital teknologi, men om å endre kulturar og organisasjonar til å tenke nytt rundt heile verksemda ved hjelp av teknologi. Forstått slik er digital transformasjon noko langt meir enn å undervise på digitale plattformar.
Medverknad er eit stikkord i denne samanhengen. Både tilsette og studentar må få fremme sine erfaringar og synspunkt i prosessen, og vi må ha langt meir forsking på kva digitalisering har å seie for kvaliteten på undervisninga og læringsutbyttet til studentane.
Å satse på quick-fix er risikabelt.
Difor er tre bodskap viktige: Digital teknologi kan aldri erstatte det viktige møtet mellom menneske som grunnlag for læring og trivsel Rett bruk av digital teknologi krev ny kompetanse, tid til utvikling og refleksjon og god involvering Forskingsbasert kunnskap, ikkje overtru, er eit «must» for å sikre at vi tar dei rette vala.
Noter:
1: NIFU-rapport 2021:9 Et akademisk annerledesår.
2: Forskerforbundets koronaundersøkelse: Forskerforbundets koronaundersøkelse - Forskerforbundet
3:DIKU, 2019. Digital tilstand 2018.