På Hunstad utanfor Bodø finn Ingrid Hunstad og Giulio Selvaggi ein fred som det har blitt vanskeleg å finne i heimlandet Italia. 

 
Foto

Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

 

Drapsdømt for jordskjelv

Publisert: 13. april 2015 kl 08.00
Oppdatert: 20. april 2022 kl 14.38

Når han tar flytil Bodø, liker Giulio Selvaggi å sjå ut vindauget. Ned på u-dalane, som vart forma av isen. Ned på v-dalane, som vart forma av elvane. Ned på dei underleg kvite sandstrendene, så langt oppe mot nord.  Men sjølv ein naturens mann må ha tak over hovudet. Difor står han ein augustdag i toppen av ein stige, lent inn mot veggen til eit gammalt trehus utanfor Bodø. I handa har han ein malekost. Gulfargen skal bli akkurat slik han har vore tidlegare, for Selvaggi skal gjere ein skikkeleg jobb. Han vart oppdregen til å føle ansvar.   

Denne sommardagen er heile familien i sving med maling og hagearbeid: to born, ei norsk mor og ein italiensk far. Dei tilbringer kvar sommar her på Hunstad utanfor Bodø. Men alt er forandra no. Det er ikkje lenger eit feriehus dei malar på. Det gule trehuset kan bli familien sin nye heim. Ein dag håper dei å pakke sakene sine i Italia og reise nordover for godt: to born og ei mor, og ein far som er dømt for uaktsomt drap på 29 menneske.

Sommarhuset til familien Hunstad/Selvaggi har tilhøyrt Ingrid Hunstads familie i generasjonar. Ein dag kan det bli den norsk-italienske familien sin heim.
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

Italia, 31. mars 2009

Ein bil frå instituttet INGV køyrer oppover motorvegen frå Roma mot fjellbyen L’Aquila. Bak rutene sit tre av verdas fremste jordskjelvekspertar. To er medlemmer av Commisione Grandi Rischi, ei nemnd som skal gje italienske styresmakter råd om risikosituasjonar. Den tredje i bilen er Giulio Selvaggi, direktør ved INGV, Italias institutt for geofysikk og vulkanologi.  

L’Aquila er ein vakker middelalderby i fjellkjeda Apeninnane. Her serverer baristaene sin espresso som i alle andre italienske byar, klede heng til tørk utanfor vindauga og byens studentar skaper ei livleg stemning i gatene. Men dei siste månadene har innbyggjarane vore urolege. Byen har blitt ramma av ei rekke små jordskjelv, og det går rykter om at eit stort skjelv er i vente. Særleg har ein pensjonert laboratorieteknikar spreidd frykt, han har plassert radonmålarar rundtom i regionen og meiner no å kunne føreseie eit stort jordskjelv. Problemet er berre at slike målarar ikkje har vist seg vitskapleg truverdige. Trass fleire tiår med studiar, har det ikkje lukkast forskarar å komme opp med ein einaste metode som kan føreseie morgondagens kjempeskjelv.  

Saken fortsetter under annonsen

Likevel går mange i L’Aquila-området no med eit håp om at Italias fremste jordskjelvekspertar skal fortelje dei kva dei bør gjere. I denne seismiske regionen finst det lange tradisjonar for å ta med seg teppe og puter og sove på ein piazza dei nettene det ristar i husa. Er det dette dei bør gjere? Bør dei reise bort? Eller kan dei bli heime? Mange har store forventingar til møtet som det statlege sivilvernkontoret, Protezione Civile, har tatt initiativet til. 

 Når Giulio Selvaggi entrar møtelokalet saman med kollegaene, ser han at rommet er fullt av folk. Slik ei interesse! Her er det kommunerepresentantar, tilsette i Protezione Civile og ein skare av journalistar. Journalistane må forlate lokalet like før møtet begynner.  

Selvaggi ser fram til å gjere det som er hans ansvar denne dagen. Han skal informere styresmaktene om alle småskjelva som har ramma området. Han skal forklare at det tidlegare har hendt at ein serie med skjelv har kome i førekant av eit stort skjelv, men at dei fleste slike seriar har avslutta utan eit stort jordskjelv som punktum. Han skal fortelje det han veit – om fortida. Han skal ikkje gjere evalueringar om framtida. Det er ikkje hans oppgåve.

 

På dette tidspunktet anar Selvaggi ingenting om alt som skal komme. Han anar heller ingenting om tv-intervjuet som vart gjort utanfor møtelokalet få minutt tidlegare, der visedirektøren i Protezione Civile, med bestefarsaktig sinnsro, ba innbyggjarane om å ta det med ro. Han anar ikkje at 31. mars 2009 skal bli ein skjebnedag for Italia. Ingen kan ane slikt, før dagen er blitt historie. 

Difor skjer ting slik dei så ofte skjer på denne typen møte. Data blir lagde fram og rapportar sendast rundt. Daniela Stati, leiaren for Protezione Civile sitt regionkontor, spør om ein skal tru på dei som går rundt og spreier frykt. Leiar for Commisione Grandi Rischi, Franco Barberi, forsikrar henne om at slike påstandar ikkje har noko vitskapleg grunnlag:  

– Dei seismiske sekvensane seier ingenting om kva som vil skje, men dei dreg såvisst merksemda til det området der, før eller seinare, eit stort jordskjelv vil komme, seier han.  

Saken fortsetter under annonsen

Enzo Boschi, ein av medlemmene i nemnda, konkluderer med at eit stort skjelv er lite sannsynleg i nær framtid, men at ein aldri kan vite. Han uttaler aggressivt og bestemt: 

– Dette er det mest jordskjelvutsette området i Italia, eit av dei mest utsette. Det kan skje i kveld, i morgon, om eit år, om ti år, om tjue år! Tenk deg ...

Etter møtet takkar Daniela Stati for møtet og seier at møtedeltakarane har gjort det muleg for henne å roe ned innbyggjarane. Ordføraren i L’Aquila tolkar det han har høyrt på ein annan måte. Han bestemmer seg for å stengje nokre av skulane i området. 

Giulio Selvaggi viser fram kartet som skulle forenkle kommunikasjonen mellom italienske forskarar og styresmakter. L’Aquila ligg i den lilla, og mest utsette, sona. 
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

L’Aquila, natt til 6. april 2009 

Kirurgen og familiefaren Vincenzo Vittorini vaknar først av at han har falle på golvet. «Kvifor ligg eg her,» tenkjer han og reiser seg opp. Medan han står der på føtene snur han seg mot kona Claudia og dottera Fabrizia – dei sov i same seng alle tre den natta – og seier at dei skal ta det med ro, det er nok over no. Han får ingen respons. Det ser ut til at dei framleis søv. 

Saken fortsetter under annonsen

I den vesle byen Albano Laziale, tretten mil sørvest for L’Aquila, vaknar seismologparet Giulio Selvaggi og Ingrid Hunstad av at senga deira har flytta på seg.  Selvaggi sin første tanke er at frekvensen er lav. Skjelvet kjem frå ein stad langt borte. Han slår umiddelbart nummeret til overvakingsrommet på jobben, får vite kvar, og kor sterkt, og tenkjer «Takk, Gud. Det var ikkje 7». Eit jordskjelv på 7 kan gjere enorme skadar, men er det 5,8 på Richters skala er det fleire tusen gonger svakare (det skulle seinare bli målt til 6,2). Likevel veit han at skjelvet har ramma den folkerike byen L’Aquila.  

Giulio Selvaggi gjer alt riktig denne morgonen. Han skrur av alle kjensler. Kledd i pysjamas ringjer han sjefen i Protezione Civile og informerer om styrken og staden. Så dreg han på seg buksene, spring ned til bilen og er på jobb etter ein halvtime.  

 

Når eit jordskjelv med styrke 6,2 rammar eit betonghus med vesentlege byggefeil, har mennesket lite å stille opp med. Veggane beveger seg. Taket beveger seg. Golvet beveger seg. Rørslene er ekstremt raske, og dei går alle vegar; opp og ned og til sidene.  

Rundt Vincenzo Vittorini er det eit mørke som han aldri har sett tidlegare. Og huset dansar. Veggane, golvet, møblane – alt dansar. Det kjennest som om han er i ei smoothie- maskin.  Og så er det lyden. Den forferdelege lyden! Det er ikkje som ein «boooaaaaaah» slik dei gjerne seier at det er. Det er meir som eit skrik. Så høgt er skriket at når Vincenzo Vittorini sjølv skrik av full kraft, høyrer han ingenting.  

Fem dagar etter at jordskjelvekspertane besøkte byen, døyr 309 menneske i L’Aquila. Som ved eit absurd mirakel skal Vincenzo Vittorini overleve. I seks timar skal han ligge nedgravd i betongmassar og møblar, samankrøka ved sidan av hans og Claudias dobbelseng. Der ligg han og lyttar til dei stadig svakare lydane som kona og dottera lagar. Han prøver å snakke til dei, men lyden når ikkje fram.  

Saken fortsetter under annonsen

Vincenzo Vittorini hadde kjøpt eit hus med byggjefeil, men visste det ikkje. Han miste kona og dottera si, og vil aldri tilgje seg sjølv for at han lytta til råda om å bli heime jordskjelvnat.
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

L’Aquila, 24. september 2012

Bak tiltalebenken i ein rettssal sit ei høgreist, blond kvinne. Ho sit bak ektemannen sin, Giulio Selvaggi. Første gongen ho var i ein rettssal, var då mannen hennar avla forklaring 30. mai 2012. Men då var ho så nervøs for han at ho ikkje klarte å skrive. Denne dagen skal ho gjere det. Ho har fått låne ei notatblokk av dottera Liv. For Ingrid Hunstad er å skrive ein måte å unngå å tenke på.  

Det kjennest så flaut å sitte der. Og så dei! Dei, som heile sitt vaksne liv har jobba for å prøve å forstå korleis jordskjelv rammar. Denne dagen skulle dei ha vore på den andre sida, saman med dei pårørande. Det kjennest så feil at dei pårørande i staden sit der og skular bort på henne, at dei ser på henne som kona til ein drapsmann.   

Det er aktor Fabio Picuti som snakkar i dag, på sin høge og saktmodige måte, som for å understreke kvart einaste ord. Han er ikledd ei lang, svart kappe med kvite duskar på ermane. Han skuldar dei tiltalte for å ha halde tilbake forskingsfunn då dei var på møtet i L’Aquila. Kvifor var det ingen som fortalte om studien frå 1995, der det stod at det var 100 prosent sannsynleg at det ville komme eit stort skjelv dei neste tjue åra? Og kvifor var det ingen som fortalte om boka der det står at ein serie småskjelv ofte betyr at det vil komme eit stort skjelv?  

– Her ser de lettheita, uaktsomheita og den ueigna oppførselen til Commisione Grandi Rischi, slår han fast.  

Hunstad noterer flittig. «Det er absurd,» tenkjer ho. Ho meiner at aktor har sopt til seg gamle forskingsresultat og plukka ut akkurat det han vil, for så å presentere det som den heile, fulle sanninga, og ikkje som det det faktisk er: små korn av midlertidig kunnskap som seinare skulle bli tilbakeviste.  

Saken fortsetter under annonsen

Det er over tretti grader inne i rettslokalet, og ingen ventilasjon. Etter fire timar kjenner Hunstad det som om ho kan besvime. Ho forlèt lokalet og ruslar bort til det vesle trehuset like ved, der tre kvinner driv ein kafe. Dei smiler til henne når ho kjem. Åh, så godt det er å sleppe unna dei sinte blikka.  

  

Vincenzo Vittorini er ein mann i midten av livet, med bestemte, brune auge. Han er ikkje lykkeleg lenger. Om berre Claudia og han hadde latt vere å kjøpe leilegheita i betongbygget frå 1962. Leilegheita i tredje etasje, med den deilige balkongen med utsikt over den grøne dalen, der dei brukte å sitje utover dei lange sommarkveldane… Han skulle gjerne vore utan desse herlege kveldane, om han berre hadde fått bevare Claudia og Fabrizia.  

Om dei berre hadde valt annleis den natta skjelvet kom. Om dei berre hadde tatt det same valet som hans eigen far ville tatt, som faren hans alltid tok når småskjelv rista heimen deira: å overnatte utandørs. 

Om dei berre ikkje hadde høyrt på ekspertane.  

Dei hadde jo sagt at det var trygt! Like før møtet med ekspertane begynte, hadde visedirektøren i Protezione Civile sagt på lokalnyheitene at folk kunne ta det med ro: «Forskarsamfunnet held fram med å forsikre meg om at det er ein fordelaktig situasjon. Småskjelva slepper ut energien (…).»  Så da det først kom eit nokså sterkt skjelv klokka 23, palmesøndagen 5. april 2009, og så eit mindre skjelv klokka 00.40, sa Vittorini og kona hans til kvarandre at det var nok rett, det som var blitt sagt; dess meir energi som sleppast ut, dess betre er det.    

 

Kva skjedde eigentleg i L’Aquila? Same kor mange ein snakkar med, same kor mange aviser ein les, det er som om spørsmålet aldri får eit fullgodt svar. Men sikkert er det at pårørande av 29 av dei omkomne gjekk til rettssak i etterkant. Dei meinte at om deira kjære ikkje var blitt roa ned av styresmakter og ekspertar, ville dei ha forlete husa som seinare skulle ramle ned over dei. Giulio Selvaggi, dei fem andre forskarane på møtet og visedirektøren i Protezione Civile vart tiltala for å ha gitt «ukomplett, upresis og sjølvmotseiande informasjon» i førekant av det store skjelvet.  

Rettssaka møtte reaksjonar verda over. Verdas største forskarforeining, The American Association for the Advancement of Science, sende eit ope brev til den italienske presidenten der dei oppmoda han om å gripe inn. Dei kalla tiltalen «urettferdig og naiv». Tidsskriftet Nature kalla dommen «pervers og latterleg», og mana til protest.

Aktor Fabio Picuti måtte sjølv forsvare seg. 

– Eg er ikkje gal, uttalte han til Nature. 

– Eg veit at ein ikkje kan føreseie jordskjelv. Det er ikkje dét som er grunnlaget for tiltalen. Men som statstilsette hadde ekspertane ei lovpålagt plikt til å evaluere og karakterisere risikoen som var i L’Aquila. 

Ifølgje Picuti burde risikovurderinga ha tatt omsyn til folketettleiken i området og sårbarheita til bygningane i gamlebyen. Han meinte at ekspertane ikkje gjorde dette. Dei var meir interesserte i å roe ned dei lokale innbyggjarane enn i å gje klare svar på korleis ein førebur seg på eit jordskjelv, ifølgje Picuti.  

På den andre sida sat forskarane og hevda si uskyld. Dei visste ikkje kva visedirektøren hadde sagt til den lokale fjernsynsstasjonen før møtet. Dei var heller ikkje blitt inviterte til pressekonferansen som vart halden i etterkant. Dei hadde kome til møtet, og reist igjen. 

– Eg har aldri bede nokon om å ta det med ro, seier Giulio Selvaggi.

Referatet frå møtet 31. mars 2009 gjev han støtte. E-postane han sende til urolege innbyggjarar som kontakta han før møtet, gjev han også støtte. 

Massimo Mazzotti, direktør ved ved University of California, Berkely, skriv i ein kommentar at ein av feila ekspertane gjorde, var at dei ikkje retta på det politikarane sa i media. Dei trøystande mediebodskapane som nådde L’Aquilas innbyggjarar dagane før det store skjelvet, kan ha medverka til at dei tok fatale val. Ekspertane var der ikkje då det gjalt. 

309 menneske døydde i L’Aquila og området rundt natt til 6. april 2009. Kven som hadde skylda, vil det bli opp til tida, og domstolane, å vise. 
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

Dommen i L’Aquila 

309 menneske døydde i jordskjelvet i italienske L’Aquila natt til 6. april 2009. Jordskjelvet målte 6,2 på Richters skala.   

Pårørande til 29 av jordskjelvofra gjekk til rettssak fordi dei meinte at deira kjære hadde døydd fordi dei vart roa ned av styresmakter og ekspertar. Utan desse meldingane, ville dei reist bort eller overnatta utandørs.   

I 2012 vart sju personar dømde for uaktsomt drap på 29 av dei døde. Fem av dei dømde er blant Italias mest anerkjende seismologar og geologar. Claudio Eva, Enzo Boschi, Gianmichele Calvi og Franco Barberi var medlemmer av nemnda Commissione Grandi Rischi, og den femte, Giulio Selvaggi, var ikkje medlem av nemnda. Dei to siste representerte sivilvernkontoret Protezione Civile, dette var Mauro Dolce og visedirektør Bernando de Bernadinis. 

Commisione Grandi Rischi hadde ansvar for å rådgje styresmaktene i risikosituasjonar. Protezione Civile hadde ansvar for å fortelje innbyggjarane kva dei burde gjere. 

Dei sju vart dømde for å ha analysert jordskjelvrisikoen på ein «overflatisk, omtrentleg og generisk» måte, og det vart også antyda at dei hadde tatt del i ein medieoperasjon for å roe ned innbyggarane. Dommarens grunngjeving var på 950 sider.  

Alle fekk same dom: seks års fengsel, rettsleg forbod, eit erstatningskrav på totalt 7,8 millionar euro og tap av retten til å motta lønn frå den italienske staten. Ingen vedkjende seg straffeskuld. 

Etter dommen trekte leiar, nestleiar og tidlegare leiar i Commisione Grandi Rischi seg frå verva sine. Dei meinte at dommen hadde gjort det umuleg for dei å gjere oppgåvene sine. 

Dommen er blant dei einaste i verda der forskarar er blitt stilte til ansvar i ei naturkatastrofe.  Ankesaka startar 10. oktober 2014. Om dommen frå 2012 blir oppretthalden, går saka sannsynlegvis vidare til italiensk høgsterett.

L’Aquila, 22. oktober 2012

Det er ein perfekt dag for å bli frikjent. Utanfor rettslokalet skin sola ned på dei blå fjella. Vinteren nærmar seg, men det er nesten 30 grader. 

Giulio Selvaggi har opplevd rettssaka som om han har vore utanfor seg sjølv, som om det er fjernsynsbilete som flyt forbi han. Denne dagen tenkjer han på mor si som sit heime og følgjer med. Han trur at han skal bli frikjent, men djupt inne i han ulmar det ei kjensle av urettferd. 

Rettssalen er altfor liten til å romme merksemda denne saka har fått. Folk trenger seg fram innimellom stolane. Ei lang rad av fotografar har stilt seg opp langs eine veggen. Kameraa kjem frå Japan, Tyskland, Storbritannia… Italienske Rai Uno sender direkte. 

Bakerst i rommet sit dei pårørande. Midt blant dei er det ein mann i midten av livet med bestemte, brune auge. Vincenzo Vittorini ønskjer berre éin ting denne dagen: rettferd. 

Dommaren kjem inn i rommet. Han stiller seg fremst i rommet og bøyer hovudet. Utan å sjå på dei tiltalte les han opp dommen, som skal bli lik for alle sju, og etter få minutt snur Selvaggi seg mot Ingrid Hunstad. Han har skjønt det før henne: Alt vil bli forandra no.     

 

Giulio Selvaggi, Claudio Eva, Enzo Boschi, Gianmichele Calvi, Franco Barberi, Mauro Dolce og Bernando De Bernadinis –  fem forskarar og to offentlege tenestemenn – fekk alle same dom denne oktoberdagen i 2012: seks års fengsel, rettsleg forbod, eit erstatningskrav på totalt 7,8 millionar euro og tap av retten til å motta lønn frå den italienske staten.  

Dommen er kanskje den første i verda der vitskapspersonar er blitt straffedømde etter ei naturkatastrofe. Ifølgje professor i rettssosiologi, Kristian Andenæs, er det ikkje sikkert at det blir den siste. 

– I dag ropast det mykje raskare etter straff og andre hardhendte reaksjonar enn kva som var tilfelle tidlegare, seier han. 

For dersom ein offentleg tenesteperson gjorde ein feil for nokre tiår sidan, nøya ein seg som regel med ei irettesetjing, og i grovare tilfelle eit erstatningskrav. I dag blir stadig fleire enkeltpersonar og institusjonar straffeforfølgde dersom dei gjer ein feil, ifølgje Andenæs. Han trur det er fordi ofra får meir merksemd enn før, og at det finst ei førestelling om at ofra får det betre om den ansvarlege straffast. 

Andenæs meiner likevel at L’Aquila-saka er spesiell, fordi det er usikkert om dei dømde i det heile tatt har gjort noko gale:  

– Saka handlar i realiteten om at nokon ikkje har klart å spå framtida. Dette er ei oppgåve som inneber svært mykje usikkerheit, seier han. 

Saka handlar om å spå ei usikker framtid, men ho handlar også om å kommunisere denne usikkerheita, til menneske som ikkje har dei same føresetnadene som ein sjølv, og som ikkje snakkar det vitskaplege språket. 31. mars 2009 gjekk innbyggjarar i L’Aquila med nervane i heilspenn. Burde vitskapsmennene i L’Aquila ha tatt dette meir alvorleg? 

– Det finst eit ansvar for å seie frå dersom ein har grunn til å tru at noko kan gå gale. Om dei sakkyndige burde vore meir aktive i dette tilfellet, er vanskeleg å seie. Kanskje følte dei ein lojalitet til styresmaktene, eller kanskje hadde dei gått inn i ein tradisjon der det var styresmaktene som fronta saka utad. Det blir stadig vanlegare at politikarar og kommunikasjonsrådgjevarar står fram, og ikkje fagfolka, seier Andenæs og legg til: 

– I ettertid er det lett å seie at dei burde ha gått ut og supplert den informasjonen som nådde innbyggjarane i L’Aquila. Der og då var det kanskje ikkje like innlysande. 

L’Aquila er framleis full av opne sår, fleire år etter jordskjelvet.
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

Albano Laziale, desember 2012

Giulio Selvaggi og Ingrid Hunstad byr på eit par tøflar i villaen i åssidene utanfor Roma. Det er desember, Selvaggi fyrer i peisen og dei serverer te med ei keramikkanne frå Noreg.  Utanfor huset har den grøne hagen kledd seg for vinter. Kiwitreet står utan frukt og campingbilen er parkert på sin faste plass. Bilen har fleire tusen mil bak seg. Kvar sommar køyrer han frå Albano Laziale i sør til Bodø i nord, med Hunstads foreldre bak rattet. Og nokre veker seinare, kvar sommar, returnerer han frå Bodø i nord til Albano Laziale i sør, denne gongen med Hunstad og Selvaggi bak rattet.   

Medan ettermiddagssola speglar seg i Middelhavet nokre kilometer nedanfor stovevindauget, fortel ekteparet om korleis dei siste månadene, og åra, har vore – åra då livet deira har gått frå å vere livet til ein heilt vanleg familie, til å bli livet til ein familie med drapsdømt far. 

Dei fortel om dei to mennene på fiskebutikken som begynte å kviskre då Selvaggi kom inn. Om alle blikka – på supermarknaden, i banken. Om skyld, om uskyld. Om rettferd, om urettferd. Om sjokket etter dommen, om depresjonen, og om korleis tida jobbar, «på ein perfekt måte», og får dei til å takle ting dei aldri hadde trudd dei skulle måtte takle. 

Dei fortel også om all hjelpa dei har fått, først og fremst frå utlandet, deriblant Noreg. Der har dei kollegaer, slekt og venner. Der slappar dei av. Mellom fjord og fjell på Hunstad ved Bodø finn dei den roa som det er blitt så vanskeleg å finne heime i Italia. 

Nøklane hadde sitt føremål, heilt til heimane fall ned i hovuda på folk. I dag er dei berre skarpe, triste minne, utstilte i sentrum av L’Aquila. 
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

I dag kjennest L’Aquila mest som ein spøkelsesby. Arbeidet med å byggje opp att byen går sakte framover, men mange bygg blir ikkje sikrare enn dei var før. 
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

Fleire uavklarte spørsmål i L’Aquila

Når det italienske rettsapparatet tar opp att saka mot jordskjelvekspertane i oktober, er det med eit komplisert politisk og juridisk bakteppe.

 

Alessandro Amato er seismolog ved instituttet INGV og har følgt saka tett. Han meiner at L’Aquila-dommen frå 2012 har fleire svake sider, og at forsvararane vil utnytte dette i sin argumentasjon i ankesaka. 

– For det første har det vore diskutert, og studert, om det var ein klar samanheng mellom meldingane folk i L’Aquila-området fekk og åtferda deira seinare. Dommaren i 2012 valde å konstatere at denne samanhengen var der, men spørsmålet er komplisert, seier Amato. 

 

Eit anna problem er at alle dei dømde fekk same straff, sjølv om dei hadde vidt forskjellige roller. 

– Aktoratet bestemte seg for å handtere heile gruppa som éin eining, som hadde gått saman om ein strategi. Eg trur ikkje at dette var tilfelle, men det var nok einaste måten å få sendt nokon i fengsel på. Hadde dei tatt for seg enkeltpersonar, ville alt truleg ha falle saman. Denne saka er svært skjør, meiner Amato. 

Medan to av dei dømde var tilsette i Protezione Civile, var dei fem andre geologar og seismologar, og berre fire av desse var faste medlemmer av Commissione Grandi Rischi. Giulio Selvaggi var ikkje formell medlem av nemnda, men han vart invitert med av Enzo Boschi for å presentere instituttet INGV sine
siste data. 

 

Det har blitt spekulert i om det statlege Protezione Civile arrangerte møtet 31. mars med eitt mål for auge, nemleg å roe ned innbyggjarane. Kva som skal ha vore grunnen til dette ønsket, er uklart, men spekulasjonane skaut fart etter publiseringa av ei telefonavlytting gjort av politiet dagen før møtet. Guido Bertolaso, dåverande direktør for Protezione Civile, snakka med Daniela Stati, leiar for Protezione Civile sitt kontor i regionen rundt L’Aquila. I samtalen kalla Bertolaso møtet ein «medieoperasjon», med målsetting om «umiddelbart å stilne idiotar sine påstandar, bekymringar og så vidare». I dommen blir det antyda at dei sju dømde tok del i ein slik medieoperasjon, men dei har hevda si uskyld. 

Guido Bertolaso er førebels ikkje tiltala for dette, men det kan vere på trappene. Den siste tida har han i staden fått publisitet på grunn av ei korrupsjonssak. 

 

Grunngjevinga for dommen i L’Aquila er 950 sider lang, og det finst ingen engelsk versjon. Dette gjer det vanskeleg for juristar og andre utanfor Italia å setje seg inn i saka. Advokat Arild Humlen, leiar for Rettssikkerhetsutvalget i Advokatforeningen, kjenner ikkje saka godt, men han seier at ei utpeiking av syndebukkar er ein vanleg forsvarsmekanisme frå statlege institusjonar.

– Dersom ein vil avleie merksemd om systemsvikt i det offentlege, peikar ein ofte ut såkalla «fall guys», nokon ein lar falle. Heile Watergate bygde på dette til å begynne med, seier Humlen. 

Alessandro Amato ser ikkje bort frå at nokre av dei dømde i L’Aquila kan vere nettopp slike syndebukkar: 

– Bygningsstrukturen i L’Aquila var ikkje trygg. Dette hadde vore kjent i lang tid. Også kunnskapen om jorskjelvrisikoen i området var velkjent. Nokon hadde ansvaret, og dette ansvaret var ikkje blitt følgt opp. 

Bodø i dag

Det meste av Noreg er ukjent for Giulio Selvaggi. Men ikkje Bodø. Han føler seg så vel her. Det er som å finne det perfekte paret med sko.   

Når han står nede i fjøra, med fiskestonga i handa og Ingrid Hunstad ved sida av, kan dei kjenne korleis veret skiftar. Lufta frå land tar med seg kulden frå isbreane, lufta frå havet tar med seg saltet, mildveret, regnet. På to minutt kan alt vere forandra. 

Korleis vil det bli å vere her om hausten? Om vinteren, når det er kaldt og mørkt? Korleis blir det for borna, vil dei få venner her? «Uansett blir det betre enn å vere i Italia,» seier Ingrid Hunstad. Var det opp til henne, ville dei flytte i morgon. Men Giulio Selvaggi vil vente. Han kjempar ein kamp i Italia, ein kamp for fridomen sin. Det som har hendt, er ikkje rettferdig, meiner han. Han gjorde ein skikkeleg jobb, og vart dømt for det han gjorde. 

Men det er godt å få puste. Å sleppe å sjekke nyheitene med det same ein vaknar. Det er godt berre å kunne speide etter nise på fjorden eller lure på kva fisk som vil bite på kroken. Her oppe, 67 grader mot nord, kjenner Giulio Selvaggi seg kun som ein del av den ville naturen. Ingenting meir, og ingenting mindre. Her er han fri.

Naturen rundt Bodø gjev ekteparet Hunstad/Selvaggi eit energipåfyll kvar sommar. 10. oktober startar ankesaka i ei rettssak som har opprørt forskarar over heile verda.  
Foto: Tina Alnes-Jørgensen / silje pileberg

Om reportasjen

Denne reportasjen er basert på kommunikasjon med Giulio Selvaggi, Ingrid Hunstad og Vincenzo Vittorini i 2012, 2013 og 2014, samt på observasjonar i L’Aquila og Albano Laziale i desember 2012 og samtalar med innbyggjarar i L’Aquila. Andre kjelder er fotograf Tina Alnes Jørgensen, advokat Marcello Melandri, seismolog Gaetano De Luca busett i L’Aquila, seismolog Alessandro Amato ved INGV, professor Kuvvet Atakan ved Institutt for geovitenskap, UiB, organisasjonen L’Aquila che vogliamo, ei lang rekke aviser og magasin, møtereferat frå 31. mars 2009, Ingrid Hunstads dagboknotatar frå rettssaka samt tilgjengelig foto- og videomateriale.